Kyrkjerådet sender på høyring to saker som er oppfølging av tidlegare vedtak i Kyrkjemøtet i 2023 og 2024.
Den første saka gjeld forslag om ein ny paragraf i kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Paragrafen vil stadfeste:
- kyrkjelege verv som ei eiga styringsteneste i kyrkja og
- «samvirkeprinsippet», om kyrkjelege styringsorgan som eit samvirke mellom valde representantar for kyrkjelyden og tenesta med Ord og sakrament.
Den andre saka handlar om tilhøvet mellom prestetenesta og soknerådet, og den inneheld forslag om å klargjere i tenesteordninga til prestane at dei er forplikta på dei planane og prioriteringane som soknerådet fastset. Denne forpliktinga er innanfor ramma av dei gjeremåla som elles er fastsett for presten i tenesteordninga. I begge sakene er det lagt til grunn at regelendringane ikkje inneber realitetsendringar, men at dei klargjer gjeldande rett.
Høyringa blir sendt til sentrale høyringsinstansar og eit utval av sokneråda og dei kyrkjelege fellesråda, men alle som vil, kan gi høyringsuttale.
Kyrkjerådet ber høyringsinstansane fylle ut eit digitalt skjema for høyringssvar. Dersom de ynskjer å gi ein samanhengande høyringsuttale til heile høyringsnotatet, kan den leggast inn under «andre kommentarar» nedst i skjemaet, men vi ynskjer likevel at de svarar på de andre høyringsspørsmåla.
Høyringsuttaler er offentlege etter offentleglova, jf. kirkeordningen § 42, og vil bli offentleggjorde på kyrkja.no.
Frist for levering av høyringssvar er 6. desember 2024.
Høyringsbrev – regulering av styringstenesta i Den norske kyrkja i kyrkjeordninga mv.pdf
Høyringsnotat - styringstenesta i kyrkjeordninga.pdf
Spørsmål til høyring om regulering av styringstenesta og tilhøvet mellom prestetenesta .pdf
Høyringsmottakere - kyrkjelege fellesråd.pdf