Bispevisitas i Nord-Fron
26. - 28. mai 2026
Visitasføredrag 7. juni 2026
Innleiing
Midt i Peer Gynt sitt rike, i det vakre landskapet i Gudbrandsdalen, har eg i overgangen mellom mai og juni gjennomført bispevisitas i sokna i Nord-Fron. Her har eg vorte kjend med flotte lokalsamfunn som ber med seg tilknyting til historie, natur og den rike kulturskatten som finst her. Eg har fått møte fleire av kyrkja sine mange tilbod til alle generasjonar. Eg har fått møte samarbeidspartnarar, næringsliv og ikkje minst vore ein del av mange fellesskap. I si heilskap har det vore givande å møte så mange menneske som står fram med sitt store engasjement og sin kjærleik til kyrkja og heimstaden sin.
Og eg trur eg vil konkludere med at kyrkja har ei viktig rolle i Nord-Fron. Som berar av evangeliet og von, og som samfunnsaktør. Ho er viktig for folk, kommune, frivilligheit og organisasjonsliv. Eg meiner overskrifta for visitasen tydeleggjer dette på ein god måte: «Kyrkja i Nord-Fron – open for tru, open for alle». Det handlar om å «ikkje vere seg sjølv nok», men å vere ei kyrkje som strekkjer seg ut med hjartet, rom og handling til heile befolkninga. Ei folkekyrkje som møter menneske i alle livssituasjonar. Med rom for deg og meg. Rom for alle. Ja, ei kyrkje som er med på å bidra til å skape «meir himmel på jorda».
Visitasen har synleggjort dette gjennom eit godt planlagt program. Vi har vore innom kyrkja sitt arbeid med gudstenester og kyrkjelege handlingar, diakoni, barn og unge, frivilligheit, samarbeid og kyrkja si eiga organisering. Føremålet med visitasen er å støtte og inspirere, og vi har fått til mange gode samtalar om viktige spørsmål.
Dette visitasføredraget er delt inn i to delar. I den første delen vil eg seie noko om kva eg har sett og opplevd gjennom tre innhaldsrike dagar. Del 2 handlar om tankar eg gjer meg om kva som kan vere utviklings- og moglegheitsrom i tida framover.
Del 1 – Oppsummering av visitasdagane
Tysdag
Skåbu kyrkje er ei tømra korskyrkje frå 1927 som ligg vakkert til i fjellbygda. Kyrkja feirar sitt 100-årsjubileum neste år. Kyrkja har flott treskurd innvendig, og det var godt å få sitje og ta inn alle desse sanseinntrykka medan vi starta visitasen med morgonbøn. Vi fekk song, ord for dagen, og ikkje minst var det hyggeleg å få møte barna frå barnehagen og skulen.
Vi reiste til det som vert sagt å vere Noregs siste busatte husmannsplass, Bakkestugu. Her fekk vi høyre om Rønnaug Sagboden, som budde her til ho døydde i 1994. Soknerådet eig denne staden, og det er mellom anna setermesse her om sommaren. Dette er dermed både ein stad for samling og eit uttrykk for ei anna tid, og på denne måten vert viktig kulturarv halden i hevd i praksis.

Møte med staben i Nord-Fron. Foto: Kyrkja i Nord-Fron.
Eit viktig møtepunkt under ein visitas er med dei kyrkjeleg tilsette. Dei som arbeider i kyrkja har eit viktig ansvar for å byggje den tilliten som finst mellom folk og kyrkje. Det er stort engasjement i staben, fleire har lokal tilknyting i området, og det er tydeleg at det er eit stort ønske om at kyrkja skal vere der når folk treng ho. Det handlar om medvit kring alle delane av arbeidet vårt. Frå vi tek telefonen når nokon ringer, til velstelte kyrkjegardar og kvalitet i aktivitetane, gudstenestene og dei kyrkjelege handlingane som vi gjennomfører. Det vart ein god samtale om moglegheiter og utfordringar, og om korleis ein vidare kan styrkje samarbeidet og organiseringa internt. Dette er viktige samtalar å ta, for å vere godt rusta for det som møter oss i framtida.
På Skåbu oppvekstsenter vart vi tekne godt imot av rektor. Denne vesle skulen rommar både barnehage, SFO og 1.–7. trinn. Vi fekk omvising i lokala, og etterpå møtte vi elevane. Dei song fint for oss, og det vart også tid til nokre spørsmål.
Så var det tid for å forlate Skåbu sokn, og vi køyrde langs riksveg 255 til Kvikne kyrkje, den flotte trekyrkja frå 1764. Kyrkja vart flytt frå den opphavlege staden sin i 1790 etter å ha vorte råka av «Stor-Ofsen», og ho har også nyleg vore gjennom eit stort restaurerings- og sikringsarbeid. Det er ein flott stad å kome til, og det var planlagt eit innhaldsrikt program for oss dei neste timane.

Biskopen er på bygda, og pratar med gardskara'.
Først fekk vi føredrag frå Ola Masseng Sylte om Olav Åsmundstad. Olav var frå Kvikne og var lærar, grundtvigianar og ein engasjert forkjempar for nynorsk og lokal kultur, med eit sterkt ønske om å ta vare på språk og tradisjonar. Han var dermed med på å styrkje både språkmedvit, kulturliv og folkeopplysning i bygda. Vi fekk også høyre om kyrkja her, og om korleis det er å leve og bu i Kvikne. Ikkje minst var det fint å sjå det nye formidlingsskiltet som var sett opp utanfor kyrkja – faktisk same morgon.
Etter ei andakt med flott musikk, vitja vi Borg bygdamuseum. Dette var heimen til Olav Åsmundstad frå 1912 til 1925, og rommar ei rekkje spennande gjenstandar. Det er så flott at slike stader blir haldne i hevd, og det var eit fint besøk i etterkant av føredraget.

Vitjinga i Kvikne vart avslutta på bygdakafeen i kyrkjestugu med god servering og gode samtalar.
Nord-Fron er ein kommune der jordbruket framleis set sitt tydelege preg, særleg gjennom husdyrhald og aktiv bruk av fjell og utmark. Det var derfor naturleg å vitje gardsdrift, og vi var så heldige at mjølkebonden Jon Helge Silli tok imot oss. Her fekk vi høyre om lausdrift, og det vart sett søkjelys på matberedskap og korleis ein kan sikre eit robust landbruk. Svært interessant og aktuell tematikk, som verkeleg vedkjem oss som samfunn – ikkje minst i den tida vi no lever i.
Den første dagen vart slutta av på Slangen seter. Her hadde vi møte med dei fire sokneråda frå Skåbu, Sødorp, Kvikne og Kvam. Sokneråda har ansvar i kyrkjeordninga for «alt som trengst for å vekkje og nære det kristelege livet i soknet». Det handlar i særleg grad om gode planar for kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Vi snakka om sokneråda si rolle som strategisk organ, og om korleis ein kan arbeide på ein måte som gjer at vi oppnår det vi ønskjer, og er i samsvar med det vi ser er naudsynt i kommunen. Det vart eit godt møte, som vart avslutta med middag og eit godt fellesskap frå det fantastiske vertskapet på Slangen.
Onsdag
Dag 2 starta på Smiths Byggesystemer, som vart etablert i 2023 i dei gamle lokala til sponplatefabrikken på Kvam. Imponerande, og svært interessant å få informasjon om elementproduksjonen til utbygging av hus og hytter. Her er det no 12 tilsette, og på sikt er målet å ha ein arbeidsstokk på 25 medarbeidarar. Vi fekk omvising, sjå korleis dei arbeidde, og høyre om fokuset deira på berekraft og miljø.
Så var det vitjing på Kvam skule, der vi vart tekne imot av rektor. Han fortalde oss om skulen si historie, før eg først fekk møte dei yngste barna og deretter dei eldste. Her vart det rom for både song og gode spørsmål. Samla gav desse besøka oss òg eit godt utgangspunkt for å snakke om demografi og befolkningsutvikling, og at fleire av skulekrinsane har opplevd synkande elevtal. Dette er noko som påverkar lokalsamfunna her, og er ei stor utfordring.

Visitas gir rom for gode møtepunkt, også med dei unge.
Kvam har gjennom åra vore utsett for fleire flaumhendingar, og innbyggjarane her har verkeleg fått erfare dei mektige naturkreftene. Difor var det fint å sjå flaumsikringssystema (botnlastsperrene) som er komne på plass her, og som vonleg kan demme opp for framtidige flaumar.
Lunsjen vart servert på dagsenteret på Kvamstunet. Dette er eit aktivitetssenter som er ope måndagar, onsdagar og fredagar. Vi fekk ein god prat med dagleg leiar om kor viktig det er å vere i aktivitet, og at det òg trengst nokon som legg til rette for aktivitet. Dette er viktig for å førebyggje mellom anna einsemd, og for å gi fysisk aktivitet og sosialt fellesskap. Det er så godt og viktig at slike stader finst – det er det verkeleg behov for.
Vi drog vidare til Kvam barnehage. Det er alltid livgjevande å møte dei små barna, og vi fekk god omvising og informasjon om arbeidet der. Ein svært flott barnehage som legg til rette for gode rammer for barna.
Gammelbua kafé har vorte ein populær stad i bygda, og her fekk vi servert kaffi og det som blir sagt å vere «verdas beste napoleonskake». Staden vart starta tett opp til flaumen i 2013, og vi fekk òg høyre litt om den dramatiske tida.

Godt å fylle på med ny energi på Gammelbua.
I Vollsfjoset i Kvam sentrum ligg Gudbrandsdal krigsminnesamling. Utstillinga viser krigshistoria i Gudbrandsdalen, som strekkjer seg frå «skottetoget» i 1612 til dei dramatiske dagane under andre verdskrigen. Eg trur mange av oss opplever krig på ein annan måte no enn for berre nokre få år sidan – han kjennest nærare og meir trugande. Difor er det så viktig å lære av og lytte til historia, og ikkje minst reflektere over korleis vi som kyrkje kan vere ei freds- og vonsrøyst midt i alt dette. Det minner Kvam fredspark, og ikkje minst Kvam kyrkje, oss om. Kyrkja er sjølv ei gjenreisingskyrkje frå 1952, etter at den gamle vart øydelagd under kampane i 1940. Det er vanskeleg å ikkje få assosiasjonar til kva våre sysken til dømes i Ukraina opplever akkurat no.
Kyrkjeleg fellesråd er etter kyrkjeordninga vår arbeidsgjevar for alle kyrkjeleg tilsette utanom prestane, og har ansvar for økonomi, kontakt med kommunen og forvaltning av kyrkjebygg og kyrkjegard. I møte med Nord-Fron kyrkjelege fellesråd fekk vi førebu oss til det komande møtet med Nord-Fron kommune, og vi fekk snakke om dei utfordringane og moglegheitene som ligg i å utvikle kyrkja her.
Så fekk eg endeleg vitje flotte Kvam kyrkje. Først fekk vi gå i djupna av historia i bygda, godt formidla av Arild Teigen gjennom føredraget «Livet og døden – i og rundt kyrkja». Han tok oss med frå Olav den heilage, via svartedauden og fram til nyare tid.

Kvam kyrkje vart bygd opp att etter krigen og minner oss om korleis folk råkast av krigshandlingar også i vår tid.
Kvelden vart så avslutta med gudsteneste, med musikk frå dei dyktige musikarane i Kvam musikkforeining. Det vart ein fin kveld som sette fokus på kyrkja sin plass i Kvam si historie.
Torsdag
På det som var den opphavlege kyrkjestaden til Sødorp kyrkje, ligg no Sødorp kapell. Rundt kapellet ligg det mange eldre gravminne av kleberstein, og ikkje minst gravminnet over Per Olsen Hågå – som blir sagt å vere den historiske Peer Gynt. Her starta vi den tredje dagen av visitasen med morgonbøn. Det var så gledeleg at barn frå Toksebakken barnehage var med, og dei bidrog med flott song.
Eit viktig møtepunkt under kvar visitas er møte med kommunen si politiske og administrative leiing. Det er eit tett band mellom kyrkje og kommune, der begge partar har sitt ansvar og oppdrag med å ta vare på alle menneske som bur og oppheld seg i kommunen. Det er fint å oppleve den gode relasjonen som er etablert her, og at ein har god dialog. Vi fekk tala om samarbeid mellom skule og kyrkje, beredskap og behovet for gode prosessar, mellom anna for budsjett og andre samarbeidsarenaer. Eit slikt godt forhold som det ein finn her, gir gode føresetnader for framtida.
På veg til neste møtepunkt rakk vi ein tur innom den nyutvikla Vinstra park. Det er flott å sjå at slike «lunger» i samfunnet blir prioriterte, med rom for både barn, fysisk aktivitet og vakre omgjevnader.
Det var spennande å få kome på besøk til administrasjonen for kulturfestivalen Peer Gynt. Programmet strekkjer seg over fleire kommunar med mange arrangement, og på den måten vert det skapt ringverknader for ein stor region. Vi fekk litt historisk bakgrunn og høyre om planane for årets festival. Det er også imponerande å høyre om den store frivilligheita som vert sett i sving, og at mange deltek år etter år. Vi såg òg framover og snakka om Ibsen-jubileet i 2028. Oppsetjingar av Ibsen sine meisterverk er noko som verkeleg set denne regionen på det nasjonale kulturkartet, og noko å vere stolte av – både for kommunen, fylket og bispedømet.
Sundheim bu- og treningssenter er ein viktig stad i Nord-Fron. Her er det 72 institusjonsplassar, og heimetenesta har òg tilhald her. Kyrkja har ei naturleg diakonal rolle på slike stader, og det er jamleg andakter og nærvær. Her fekk vi halde andakt, før vi etterpå fekk smake maten frå det gode kjøkkenet. Det ligg føre planar for vidare utvikling av Sundheim, som skal gjere kommunen i stand til å møte det vi veit kjem i tida framover, nemleg fleire eldre, samstundes som det er mangel på arbeidskraft i eldreomsorga. Dette er ei viktig samfunnsutfordring som det er nødvendig å setje søkjelys på.
Vi tok ein tur innom kulturskulen, som er eit viktig tilbod i kommunen. Her fekk eg oppleve elevar som spelte og vi hadde ein god samtale om arbeidet som vert gjort.
Det er utarbeidd ein flott diakoniplan i Nord-Fron, og vi fekk ein presentasjon av innhaldet, med særleg vekt på matutdelingsprosjektet. Dette er eit tiltak frå kyrkja for å møte dei sosioøkonomiske skilnadene som finst i kommunen. Gjennom diakoniplanen får ein til mykje godt diakonalt arbeid, og planen viser at diakoni er eit felt som krev stor tverrfagleg innsats – både i staben og blant frivillige. Kyrkja viser at ho er ein viktig aktør for å skape gode levekår i kommunen.

Visitasdagane vart avrunda med festgudsteneste i Sødorp kyrkje.
Kvelden vart avslutta med gudsteneste i Sødorp kyrkje. I denne vakre korskyrkja deltok eit lite kor med flott song, og det var så fint å få feire nattverd saman. Som biskop reiste eg takksam for alt eg hadde fått oppleve gjennom desse tre innhaldsrike dagane.
Del 2 – Betraktningar og utfordringar
I del 2 av føredraget vil eg gjere nokre betraktningar og refleksjonar kring det eg har sett og opplevd under visitasen. Eg vil gi nokre konkrete utfordringar på område som eg meiner det kan vere tenleg å setje fokus på i tida framover. Overordna vil eg seie at vi har vore innom mange viktige felt desse dagane. Først vil eg også seie at det vert gjort utruleg mykje godt arbeid i kyrkja i Nord-Fron. Tilsette, folkevalde og frivillige gjer kvar dag sitt beste for å vekkje og nære, og for å vere ei raus, levande og nær kyrkje.
Det første hovudområdet eg vil snakke om er:
I Gudstenester og kyrkjelege handlingar
Det er flotte kyrkjebygg i sokna her, og det vert gjennomført mange aktivitetar og gudstenester gjennom året. Det var svært fint å oppleve eigarskapen, engasjementet og kjærleiken til kyrkjebygga.
I «Kyrkja vår» er det lista opp fleire satsingar som sokneråda ønskjer å arbeide med i åra framover. Fleire av desse handlar om utvikling av gudstenestelivet. Det er eit uttalt ønske om å arbeide fram større samarbeid med musikklinja på Vinstra vidaregåande skule, kor og korps, andre lag og foreiningar, og å ha fleire temagudstenester. I tillegg meiner eg at kulturskulen, som vi møtte under visitasen, er ein naturleg samarbeidspartnar.
Korleis ein kan auke involvering og samarbeid, er viktige inngangar til ein gjennomgang av gudstenestelivet. Det er faktisk heilt nødvendig å av og til stanse opp og vurdere og reflektere over kva ein gjer, og kva som bør utviklast vidare. Mi første utfordring er difor at stab og sokneråd:
1) Gjennomgår og held fram med å vidareutvikle årshjulet for gudstenester og samarbeid med andre aktørar i det enkelte soknet, knytt til den einskilde kyrkja. I tillegg til arbeidet med dette bør ein drøfte målsetjingar og evaluere eksisterande tiltak for å vurdere om dei skal vidareførast, endrast eller eventuelt avsluttast.
II Omsorg og solidaritet
Diakonien er evangeliet i handling. Det er Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste. De har ein god plan for diakoni i sokna, som er bygd på Den norske kyrkja sin plan for diakoni frå 2020. Vi har fått møte noko av dette, mellom anna gjennom besøket på Sundheim og ved å høyre om matutdelinga.

Kyrkja samarbeider med frivillige for å dele ut mat til dei som ikkje har råd, eller høve til å ordne seg mat sjølv.
Eitt av elementa i Plan for diakoni er vern om skaparverket. Ei moglegheit til å løfte dette arbeidet opp på eit strukturelt nivå, er å registrere seg som Grøn kyrkje gjennom «Kyrkja vår». Eg vil difor utfordre dykk til at:
2) Alle sokneråda registrerer seg som Grøn kyrkje i det digitale verktøyet «Kyrkja vår».
Frivillig innsats er ein viktig del av samfunnet vårt, noko fleire møtepunkt under visitasen har synleggjort. Det er så mykje verdifull aktivitet som blir skapt nettopp fordi folk stiller opp for kvarandre. Frivillig arbeid skaper mykje for andre, men også for den som deltek. Gjennom arbeid med frivilligheit kan vi også arbeide med mangfald og inkludering. Å ha ein god strategi for frivillig arbeid er difor heilt naudsynt. Soknerådet har verksemdsansvar, og må difor ha merksemd på korleis ein får dette til. Dette ansvaret deler dei med dei kyrkjeleg tilsette. I denne prosessen er det også viktig å kunne skilje mellom det å vere frivillig og det å sitje i sokneråd, slik at frivillig arbeid ikkje berre blir knytt til dei som sit i soknerådet. De er allereie i gang med dette arbeidet, ikkje minst gjennom arbeidet med opne kyrkjer. Eg utfordrar dykk difor til å:
3) Utvikle ein strategi for frivilligheit i sokna. Nøkkelord vil vere rekruttering, ivaretaking og samarbeid.
III Barn og unge
Eg er oppteken av samarbeidet mellom skule, barnehage og kyrkje. Eg veit også at det i denne kommunen blir gjort mykje godt arbeid på dette feltet, og det er svært positivt. Ein når mange barn gjennom skulegudstenester og barnehagegudstenester.

Biskopen er opptatt av godt samarbeid mellom skule, barnehage og kyrkje.
Vi har eit særleg ansvar for å føre vidare kunnskap og kjennskap til kristne tradisjonar og den felles kulturarven vår. Det er mange kontaktpunkt mellom læreplanane i skulen og det kyrkja kan tilby av kompetanse og opplegg, og vi bør tenkje stort om dette. Kanskje kan til og med kyrkjerommet nyttast i matematikkundervisninga?
I åra fram mot Nasjonaljubileet i 2030 vil det òg finnast spennande område å samarbeide om, sidan både kyrkje og skule er sentrale i markeringa av kristninga av Noreg, og i samtalar om dei verdiane samfunnet vårt er bygd på. Her finst det mykje stoff å arbeide med, og det er allereie utvikla – og vil kome fleire – ressursar frå Den norske kyrkja i tida framover1

Eg meiner at samarbeidet bør forankrast i ein samarbeidsplan, slik at det ikkje blir for avhengig av relasjonar mellom enkeltpersonar. Eg meiner også at ein slik plan er viktig i eit beredskapsperspektiv – at barn og unge er kjende med kyrkjerommet før dei eventuelt oppsøkjer kyrkja ved kriser og ulykker. Ein slik plan vil det òg vere naturleg å sjå i samanheng med innføringa av ny plan for kyrkjeleg undervisning og læring i Den norske kyrkja. Eg vil difor utfordre dykk til å:
4) I samarbeid med kommune, skule og barnehage sjå på kva faglege inngangar ein har for samarbeid, og kva arbeidsmåtar det er mogleg å nytte, og formalisere samarbeidet i ein eigen avtale.
Kyrkjemøtet vedtok i 2024 «Plan for kyrkjeleg undervisning og læring – overordna del» (KM 06/24). I dette vedtaket bad Kyrkjemøtet Kyrkjerådet om å førebu rammeplanar for behandling på kyrkjemøta i perioden 2025–2027. Kyrkjerådet har på denne bakgrunnen utarbeidd forslag til rammeplanar som er sende på høyring før endeleg behandling i Kyrkjemøtet i 2027, med høyringsfrist 15. september. Føremålet med høyringa er å hente inn synspunkt på innhald, struktur og brukartilpassing i rammeplanane.
Dette er ei viktig sak for Den norske kyrkja. Korleis vi tenkjer om og utøver kyrkjeleg undervisning og læring, er heilt avgjerande for at kyrkja skal kunne formidle den kristne trua, kulturarven og tradisjonane til nye generasjonar – men også til ungdom og unge vaksne. Å ha større kjennskap til og erfaring med kva kyrkja står for, er rett og slett ein viktig ballast for å gjere menneske robuste i møte med livets små og store utfordringar, og i ei verd som av og til kan opplevast som uroleg og krevjande. Eg vil gi dykk to utfordringar i tilknyting til dette, éi på kort sikt og éi på lang sikt:
5) a) At sokneråd og kyrkjeleg fellesråd vurderer å svare på høyringa om rammeplanar for kyrkjeleg undervisning og læring innan 15. september 2026.
b) Når rammeplanane blir vedtekne i Kyrkjemøtet i 2027, bør desse gjennomgåast med tanke på korleis dei skal takast i bruk lokalt i sokna i Nord-Fron.
IV Kyrkja i lokalsamfunnet
I kommuneplanen sin samfunnsdel kjem det tydeleg fram at målet er å leggje til rette for å ta vare på det beste ved bygda – naturen, kulturen og fellesskapet – samstundes som ein utviklar arbeidsplassar og legg til rette for at folk kan bu og leve gode liv i heile kommunen. Ei av verdiane som blir trekt fram i planen, er «samla», og det heiter: «Gjennom inkludering, samarbeid og fellesskap byggjer vi sterke relasjonar og fremjar ein kultur der alle kjenner seg verdsette og høyrde. Vi trur på krafta i å stå saman og arbeide mot felles berekraftige mål.»
Som kyrkje er vi ein sentral samarbeidspart i dette arbeidet, og slik må vi sjå oss sjølve – og formidle at vi ønskjer å vere med. Som kyrkje er vi i eit skjebnefellesskap med kommunen, der fokuset er på heile befolkninga. Det handlar om diakonale innsatsområde, det handlar om beredskap, og det handlar om å vere til stades i viktige livshendingar for folk. I alt dette arbeidet er kyrkja i Nord-Fron med på å oppfylle kommunen sine forpliktingar til FNs berekraftsmål. Det er godt dokumentert kva kyrkja kan bidra med inn i berekraftsmåla. Kyrkja sitt lokale bidrag er særleg tydeleg innanfor mål 3: god helse og livskvalitet, og ikkje minst delmålet som handlar om psykisk helse, der mykje av kyrkjelydane sitt kjernearbeid er relevant. Nord-Fron kommune har levekår som satsingsområde, med mål om at innbyggjarane skal oppleve inkludering og tilhøyrsle. Eg vil òg peike særleg på landbruket, som treng gode nettverk rundt seg i ei krevjande næring. For å lukkast med alt dette treng kommunen kyrkja, og kyrkja treng kommunen.
Eg vil difor gje ros for at ordføraren deltok på så mange av programpostane under visitasen. Det framstår som eit godt tilhøve mellom kyrkje og kommune, noko også møtet vårt med den politiske leiinga i kommunen synte tydeleg. Det er all grunn til å verdsetje den måten kommunen har møtt kyrkja på i hennar behov, og dette fekk vi òg formidla.
I gode tider kan det vere behov for å formalisere noko av samarbeidet gjennom skriftlege avtalar, og eg vil utfordre dykk til at:
6) Nord-Fron kommune og Nord-Fron kyrkjelege fellesråd formaliserer møtepunkt for kyrkja si deltaking i kommunen sine budsjettprosessar gjennom ein skriftleg avtale, med minst eitt møte om våren og eitt møte om hausten. Tenesteytingsavtalen kan òg vurderast fornyast.
Eit viktig område i dette samarbeidet handlar om beredskap. Og i år er det totalforsvarsåret 2026. Det er eit år som gir oss ei god anledning til å reflektere, planleggje og samtale om kva som skal vere kyrkja si beredskap i kriser – og til og med i ein krigssituasjon. Slik har verda dessverre blitt, at vi òg må våge å tenkje beredskap i dei verste scenarioa.
Dette gjer ikkje kyrkja åleine, men saman med resten av samfunnet. Det er viktig at kyrkja er påkopla og deltek aktivt i beredskapsarbeidet, mellom anna ved at kyrkja er ein del av kommunen sitt beredskapsråd. Så eg vil utfordre dykk til å:
7) Nyttar totalforsvarsåret 2026 til å vurdere og vidareutvikle kyrkja sitt beredskapsarbeid i samarbeid med Nord-Fron kommune, og formaliserer dette i ein skriftleg avtale.
Eg har som biskop eit særleg engasjement for opne kyrkjer. Dette har fleire dimensjonar, også i beredskapssamanheng. Teologen Svein Aage Christoffersen seier det slik: «I kyrkjebygget skal den kristne kyrkjelyden opne seg for menneska i denne verda. Difor er openheita inga trussel mot kyrkja sin eigenart. Det er tvert imot openheita som er eigenarten. I prinsippet burde kyrkjedørene våre stå opne døgnet rundt, heile året.» Dette tenkjer eg bør vere utgangspunktet vårt – kyrkjedørene burde stå opne. Så kan vi praktisk drøfte og argumentere for når vi bør og må stengje dei, og ikkje omvendt. Dei kyrkjeleg tilsette i bispedømet var i september inviterte til ein stiftsdag med nettopp dette som eit sentralt tema, og vi samtala også om dette i møte med sokneråda under visitasen. Hamar bispedømeråd har hatt saka på bordet, og tidlegare i år gjekk utfordringa derfrå til alle sokneråd og fellesråd i bispedømet om å løfte denne saka. Hos dykk har det vore ulike forsøk knytte til dette, og det er også nemnt som ei av satsingane til sokneråda. Difor vil eg utfordre dykk til at de:
8) Ser på moglegheitsrommet for å ha eller vidareutvikle opne kyrkjer i sokna i Nord-Fron.
I 2028 er overskrifta «Forteljingar om Noreg» i nasjonaljubileumsstafetten. Det inneber mellom anna å markere Ibsen-jubileet (200 år). Koplinga mellom Ibsen, nasjonaljubileet og kyrkja er spennande å utforske. Her i Nord-Fron er Peer Gynt ein viktig kulturell institusjon. I Ibsen sitt meisterverk er pinsa ein sentral kulisse for ei viktig tematisk scene.

Peer Gynt er nemleg Ibsens store pinsedrama, fordi Ibsen gjer pinsa til Peers store von. Etter mange omvegar blir Peer til slutt berga – på pinsedagsmorgon av Solveig, som viser han at i hennar tru, hennar von og hennar kjærleik har sjølv lygnaren Peer vore heil og sann. Her møter Peer Den heilage ande. Her møter Peer Guds store og uendelege nåde gjennom eit heilt vanleg medmenneske. Det er ikkje rettferdig. Det er ikkje fortent. Det er berre nåde og kjærleik.
Dette er perspektiv det hadde vore svært spennande å lyfte fram i 2028, og eg vil utfordre dykk til at:
9) Kyrkja i Nord-Fron, i samarbeid med Peer Gynt, får på plass ei gudsteneste knytt til kulturfestivalen Peer Gynt. Det blir også oppmoda til å lage eit arrangement i 2028 i samband med Ibsen-jubileet. Dette kan gjerne vere knytt til pinsa.
V Medarbeidarskap og organisering
Eg vil gje ros for at alle sokna har teke i bruk planverket «Kyrkja vår – samla plan for arbeidet i soknet». Her er det lagt inn både skildring av det enkelte soknet, og det er gjort prioriteringar for tida framover. Det er svært bra, og vil gi dykk eit godt grunnlag for å halde fram med det strategiske arbeidet som sokneråda har ansvar for.
Vi har snakka saman om kor viktig gode møteplassar er, og at ein må ha dei rette samhandlingsarenaene for arbeidet vi gjer. Her har de eit system for stabs- og planleggingsmøte, og de har etablert felles møte mellom sokneråd og stab. Sidan fleire av samtalane har handla om samarbeidsformer, og utfordringane etter visitasen byggjer på behovet for gode møteplassar, vil eg utfordre dykk til å:
10) Ta ein gjennomgang av eksisterande møteformer og møtestruktur, med mål om å vere samde om at de har arbeidsformer som gjer dykk rusta til å møte dei utfordringane og moglegheitene som ligg framfor dykk.
Kyrkjemøtet har vore oppteke av at det skal leggjast til rette for fellesløysingar innan digitalisering og system i Den norske kyrkja. Dette handlar mellom anna om betre samhandling i heile kyrkja. I den førehandsinnsende rapporten frå Nord-Fron kyrkjelege fellesråd blir det peikt på nokre forbetringspunkt knytt til administrative system, som dataløysingar, digitalt arkiv, kyrkjebokføring og liknande.
Mi siste utfordring blir difor at de:
11) Vurderer kva digitale administrative system som bør innførast i lys av Den norske kyrkja sitt arbeid med fellesløysingar. Dette inneber også å leggje til rette for opplæring av sentrale personar.
Avslutning
Eg vil avslutte med å takke.
Takk til alle som har planlagt visitasprogrammet. Takk for alle innsendte rapportar. Takk for gudstenester, samtalar, handtrykk og møte. Takk for alle forteljingane som har vorte delte med meg. Det har gjort sterkt inntrykk.
Eg ønskjer lukke til vidare med arbeid i sokna i Nord-Fron.
Må Gud velsigne Skåbu, Kvikne, Sødorp og Kvam sokn!
Må Gud velsigne Nord-Fron kommune!
Ole Kristian Bonden
biskop i Hamar

Foto: Venke Sletten og Morten Hagen, Nord-Fron kyrkjelege fellesråd
