Kyrkjevalet: Førebelse tal for valdeltaking

Meir enn 272 000 stemte i kyrkjevalet i år, og 34 % av dei førehandsstemte digitalt. Det viser oppteljinga så langt.

Over 272 000 stemte i kyrkjevalet. Kvar tredje veljar førehandsstemte digitalt. Foto: Simen Prestaasen / Den norske kyrkja.

No har 936 av dei lokale valstyra (82 %) stadfesta at dei er ferdig med å rapportere for deltakinga i kyrkjevalet. Oppteljinga så langt viser at kvar tredje veljar har stemt digitalt.

– For første gang var det mogeleg å førehandsstemme digitalt i kyrkjevalet. Det har gjort valet lett tilgjengeleg for folk.

Det seier Ingrid Vad Nilsen som er kyrkjerådsdirektør i Den norske kyrkja.

272 603 stemte i kyrkjevalet

Den førebelse rapporteringa viser at 272 603 stemte i kyrkjevalet, som gjev ei valdeltaking på 8,9 % av alle med stemmerett. Det er ein nedgang frå 2019 då 386 142 stemte (12,6 %).

Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg. Kyrkjerådet har i oppgåve å legge til rette for gjennomføring av valet, medan dei ulike listene og kandidatane har ansvar for å formidle kva dei står for.

– Vår oppgåve er å leggje til rette for kyrkjevalet, og vi har teke eit langt steg med digital førehandsstemming. Det har gjort det enda enklare å stemme. Resultat gjev er nytting informasjon når vi skal evaluere og vidareutvikle kyrkjevalet. Målet er at alle som vil skal få delta i kyrkjevalet.

Flest stemte i val av sokneråd

I kyrkjevalet i Den norske kyrkja skal det veljast medlemmar til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet. Som tidlegare kyrkjeval er det fleire som stemmer i soknerådsvalet enn i val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet.  

254 599 veljarar stemte i val av sokneråd (8,4 %), og i val av bispedømeråd/Kyrkjemøtet stemte 192 158 (6,4 %).

Oversikt per bispedøme

Så langt er Bjørgvin bispedøme er bispedømet med flest veljarar, medan Hamar bispedøme har høgst prosentvis valdeltaking.

Bispedøme

Tal på veljarar   

Valoppslutning  

Agder og Telemark

28443

10,49 %

Bjørgvin

33628

8,69 %

Borg

29795

7,39 %

Hamar

29204

11,61 %

Møre

18784

10,92 %

Nidaros

25960

8,80 %

Nord-Hålogaland

17788

11,54 %

Oslo

24295

6,34 %

Stavanger

25401

9,48 %

Sør-Hålogaland

15644

9,88 %

Tunsberg

23661

8,15 %

Totalt heile landet  

272603

8,99 %

Førebelse tal per 14.09.2023 etter 99 % av sokna har lagt inn tal og 82 % har stadfesta at dei er ferdige med rapportering.

Trykk her for å laste ned Excel-fil som viser statistikk for valdeltaking på nasjonalt nivå og per bispedøme.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"