Krafta nedanfrå: Folkerørslene som forma Noreg – og kvifor vi framleis er her

Praktisk informasjon

Fra:7.11.2026 - kl.10.00

Til:7.11.2026 - kl.14.00

Sted:NMS, Sommerveita 4-6, 7011 Trondheim. 1. etasje.

Arrangør:Nidaros bispedømmeråd, BUL i Nidaros, Trondhjems sanitetsforening og NMS

Nidaros bispedømmeråd, BUL Nidaros, Trondhjems sanitetsforening og NMS (Det Norske Misjonsselskap) inviterer til seminar 7. november 2026. Seminaret er knytt til Nasjonaljubileet 2030 og årets tema på jubileumsstafetten – Slekt og samfunn.

Billettane er gratis, men må hentast ut på førehand. Førstemann til mølla! Klikk er for å melde deg på seminaret.

Historisk bakgrunn

I andre halvdel av 1800-talet voks dei folkelege rørslene fram i Noreg på bakgrunn av store samfunnsendringar som auka lesekunnskap, sterkare nasjonalkjensle, politisk mobilisering og ønske om at vanlege folk skulle få større ansvar og innverknad i samfunnslivet.

Ein viktig del av bakgrunnen var arven etter Hans Nielsen Hauge, som alt tidleg på 1800-talet hadde vist korleis lekfolk kunne ta initiativ, organisere seg og sameine tru, arbeid og samfunnsansvar. Men dei folkelege rørslene var ikkje berre religiøse: Medan dei kyrkjelege lekmannsrørslene og misjonslaga sprang ut av ei kristen vekkings- og foreiningstradisjon, vaks det også fram frilynde strøymingar som la større vekt på folkeopplysing, nasjonal kultur, språk, ungdomsarbeid og samfunnsdeltaking, utan å vere direkte kyrkjeleg forankra.

Ungdomsrørslene vart slik ein viktig møtestad både for kristne og frilynde krefter, medan fråhaldsrørsla og sanitetsrørsla samla breitt om sosiale og moralske mål på tvers av livssyn. Fredrikke Marie Qvam vart ein sentral pioner gjennom etableringa av Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896, og illustrerer korleis desse rørslene også gav kvinner nye roller i offentleg og nasjonalt arbeid.

Til saman vart rørsler som desse viktige i demokrati og samfunnsbygging. I Trøndelag stod både dei kyrkjelege og dei frilynde rørslene sterkt, og landsdelen var ein viktig arena for lekmannsarbeid.

Seminaret

Vi inviterer saman til eit seminar for å løfte historia om den viktige rolla frivilligheita og rørslene har hatt, og kva rørslene betyr i samfunnet i dag.

Første del av seminaret er fire korte foredrag om korleis folkerørslene møtte samfunnsbehova som stat og kyrkje ikkje dekka, kvinnenes rolle og Fredrikke Marie Qvam, Hans Nilsen Hauge og haugianismen og den frilynde ungdomsrørsla.
Medverkande er biskop i Nidaros, Herborg Finnset, Tove Eivindsen frå Trondhjem sanitetsforening, Inga Elise Bruteig frå Noregs Ungdomslag og Astri Marie Wessel frå Det Norske Misjonsselskap.

Representerer du ein organisasjon?

I andre del inviterer vi representantar frå andre organisasjonar innan fråhaldsarbeid, idrett, kultur og språk, omsorg og diakoni, og historie, til å fortelje om organisasjonens historie og kvifor ein framleis eksisterer i dag. Her håpar vi at fleire organisasjonar har lyst og høve til å bidra med kvar dykkar 5 minutt. Meld frå til Gunn Mogseth Skrove på mail GS863@kirken.no dersom de vil delta med innlegg.
Sjølsagt skal vi og ha tid til god pause for å prate og drikke kaffi i lag.

Velkommen!

Klikk her for påmelding