Gudstenester på nett 22. mars

På søndag kan du velja mellom fleire gudstenester. I Bjørgvin er det nokre kyrkjelydar som sender gudstenester på nett, og NRK si radiogudsteneste blir også overført på TV.

Meland kyrkje er blant dei som sender gudsteneste på nett på Maria bodskapsdag. Foto:kyrkja.no/meland

NRK si gudsteneste på Maria bodskapsdag 22. mars frå Elverhøy kirke i Tromsø, blir overført på radio og på NRK2 TV.

I Bjørgvin har vi fått melding om at desse gudstenestene blir overført på nett 22. mars frå kl. 11.00 (ein del av dei er lagt inn i ettertid):

Slettebakken kirke

Ved sokneprest Thor Brekkeflat og kapellan Lars Petter Eide. Frida og Mathias  bidrar til musikk og sang.

Meland kyrkje

Ved sokneprest Bjørn Tore Sæle. Trond Fykse handterar tangentane, Åshild Bjørkum Furukawa er medliturg, Anne Marit Fosse Dahle og Eva Kristin Dale Wessman er forsangarar.

Meland kyrkje har også ei eiga samling for born ved spesialprest Håkon Økland Kinsarvik og ei løve!

Fitjar kyrkje

Med sokneprest Roald Drønen,kyrkjelydspedagog Randi Lønning Matre og
kantor Jan Overweg (som også spelar litt før gudstenesta).

Sandviken kirke

Gudstenestefeiring v/ prest Helge Unneland, sokneprest Sverre Langeland og kantor Jostein Aarvik

Birkeland kirke

Andakt med sokneprest Kjersti Gautestad Norheim. Musikken ved Belinda Olsson Lerøy og kantor Asbjørn Snilstveit.

Nedstryn kyrkje

Ved sokneprest Henny Koppen, kateket Beate Nes, organist Oddvar Bergset og solist Knut Sverre Nes.

Sædalen menighet

Familiegudsteneste ved prest Leidulf Øy og "Mari Marihøne" og fleire musikkrefter på kvar sine heimebanar

Erdal kyrkje, Askøy

Gudsteneste ved Harald Forland, Ingrid Myrtveit Petersen, Hermund Rebnord, Marianne Juvik Sæbø og Tilla Marie Molland

Søndagsskule ved Ingrid Myrtveit Petersen

Søreide kirke

Andakt ved prest Kari Hop Fjæreide og kantor Ingrid Eriksen Hagen. 

Fridalen kirke

Musikkandakt. Prest: Øyvind Rise. Organist: Knut Christian Jansson. Sang: Andreas Wivistad Jansson

Storetveit kirke og Bønes kirke

Podcastandakt ved kapellan Gunn-Frøydis Unneland og kantor Jostein Aarvik

Norheimsund kyrkje

Videohelsing og preike

Årstad kirke

Hvor skal min hjelp komme fra? - Miniandaktar ved sokneprest Signe Sandberg

Bergen internasjonale menighet/Bergen International Church

Service in English with pastor Kalisha Wills.

St. Jakob

Gudsteneste-podcast for ungdom.

For born

Borna kan treffe dukkene Jonas og Julie frå Søndagsskulen på Youtube.

Tips oss gjerne om fleire i Bjørgvin som sender gudstenester. Sjekk også din lokale kyrkjelyd sin nettsider eller facebooksider, det er stor aktivitet på nettet for tida.

Nasjonal bønnedag

Norges kristne råd arrangerer nasjonal bønnedag for alle kristne kyrkjer/kyrkjesamfunn i landet vårt 22. mars.

På deira ressursside finn du program for dagen saman med eit forslag til koleis du kan gjennomføre di bønnesamling, nokre ferdigskrivne bønner, bønneemne og eige opplegg for born og familiar.

Tilbod komande veke

Frå mandag 23. mars kan du igjen vera med på bøn frå Mariakirken kl. 12  kvar dag mandag - laurdag. Først ute med komande veke er biskop Halvor Nordhaug med andakt, sokneprest Signe Sandberg som liturg og Berit Opheim med song.

Her er fleire stader du kan be, tenne lys, be om forbønn, chatte og få påfyll:

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"