Dette intervjuet med Helga Ekehaug stod i menighetsbladet som kom ut i april. Her sier Helga noe om sine tanker om å skulle jobbe som prest i Eidsvåg. Hun blir vigslet til prest 24. mai kl. 17.00 der biskop Ragnhild Jepsen kommer og foretar vigslingen.
Helga, først av alt vil vi gratulera deg med stillinga som kapellan i Eidsvåg og ønske deg hjarteleg velkommen til menigheten vår! Kven er du?
Eg er vossing og vart døypt i pinshelga i 1971, men no bur eg i flotte Masfjorden. Eg trivst godt i kajakk, til fjells og i hagen. Den åndelege dimensjonen i livet- søkjer eg å leggja merka til i kvardagens små og store stunder.
Du har jobba ei tid Eidsvåg. Først var du er ein månad i praksis og så har du vore vikar sidan september i fjor. Korleis har du opplevd å vere her fram til no og korleis vil du skildra kyrkjelyden i Eidsvåg?
Då eg starta i praksis kjende eg meg så hjarteleg velkomen. I løpet av dei ti første minuttane var eg, Regi (kyrkjetenar i Eidsvåg) og ein tilsett i kyrkja som var innom i gang med å utforska tru og tvil. Det var så inspirerande. Slik fortsette opplevinga mi resten av tida. Då eg eg var på formiddagstreffet no i mars og kom inn døra nett då det starta, så var det ei som reiste seg og peika på ledige stolar. Sjølv om eg er i stand til å vurder kva stolar som er tomme og ikkje, så kjendest dette ut som ei omsorg og ein praktisk måte å visa at eg var velkomen på. Det kjendest i alle fall slik ut og det rørte meg. Det fortel meg at kyrkja i Eidsvåg veit å ynskja folk velkomne.
Heilt frå starten bad eg om, og fekk konkrete, direkte tilbakemeldingar, inkludert kritikk. Dette set eg veldig pris på og vurderer det som naudsynt om eit kyrjesamfunn skal kunne fungere og utvikla seg.
Då eg var innom årsmøtet i fjor opplevde eg forsamlinga som engasjert og forventningsfull. Eg ser stab, tillitsvalde og kyrkjelyd som vil noko meir enn at ting skal skure og gå. Med dette synet har eg tru på at folk i Eidsvåg vil oppleve og vera med å skapa ei kyrkje som er relevant for deira liv, der gudstenestelivet blømer og fellesskapa mellom gudstenestene er trygge, meiningsfulle, og prega av ærlige og varme uenighetsfellessakap med eit undrande blikk på Jesus.
Kan du sei noko om kvifor du søkte stillinga som kapellan i Eidsvåg?
Eg har kjent meg så heime og velkomen, heilt frå starten. Så no boblar eg av pågangsmot til å vera ein del av denne kyrkja, og å bidra til a kyrkja blir ei ledestjerne eller ein motkultur i samfunnet om det som er viktig i livet. Det som skjer ute i verda no, minner oss på kor viktig dette er. Me er kalla til å vera rasjonelle, saklige og følsome for kvarandre og alle menneske sine behov og eigenverdi.
Kva gleda du deg mest til, no som du skal vere her fast?
Gledar meg til å tenkja langsiktig, verta betre kjend med kyrkjelyden og til samarbeidet med stab, frivillige og ulike råd og utval.
