Jon Martin Skauge har gjennom mange år vore ein svært ettertrakta gitarist. Det siste året har du mellom anna kunna sjå han briljera med gitarspelet sitt i sesong 2 av programserien Nystemt i Nøsteboden, og 2025 vart avslutta med juleturnéen Nystemt til jul, saman med Rune Larsen, Anne Veddeng og fleire andre frå det populære programmet. Det siste året har vist at Jon Martin også står solid på eigne bein. Han er ein svært dyktig og erfaren låtskrivar med ein heilt unik musikalitet. Her framfører han eigne låtar frå ein etter kvart lang karriere. Jon Martin appellerer til mange med sin ujålete, ærlege og humoristiske stil. Songane hans fortel om eit levd liv, og han byr raust på seg sjølv frå scena. Ein konsert med Jon Martin får fart på både smileband og tårekanalar.
Med på laget er superbandet Svein-Tore Hindenes, Egil Skjelnes og Espen Vågstøl.
Billetter fås kjøpt her: Jon M Skauge i FANA KIRKE - 22.03.2026 | Jon Martin Skauge | Kjøp billetter | Hoopla
Gratis for alle under 18 år!
