Musikk og kultur i kyrkja

Det skjer musikk- og kulturaktivitet i alle kyrkjene i Nord-Fron. Kyrkja treng ulike folk. Vi treng tilhøyrarar og formidlarar. Vi ynskjer at kyrkjene våre skal nyttas av folk, slik at de kan få kulturelle påfyll og opplevingar som kan gi meining og innhald til tru og liv. Utanom alle dei kyrkjelege handlingane, inviterer vi inn til arrangement, og dykk som kulturaktørar kan leige kyrkja til kulturelle arrangement som publikum kan besøke. Det er dykk  som skapar kunst og kultur for publikum. Musikk, song, kor, orkester og anna kunstutøving har ei sentral plass i  kyrkjeleg kulturliv.

Musikk og kultur i kyrkja

Ynskjer de å framføre musikk eller anna kunstuttrykk?

Kva om vi kan samarbeida? Dykk formidlarar som har kunstnarisk verksemd eller utøver kunst er velkomne til å ta kontakt med oss.

For eit honorar kan dykk leige ei kyrkje, eller vi kan saman finne ei løysing for samhandling.

Ynskjer dykk at vi hjelp med å legge til rette for arrangement, kan vi kanskje bidra. Vi kan offentleggjera og synleggjera dykkar arrangement i våre kanalar. Vi har nettside, facebook-side og eit kyrkjeblad.

Kyrkjene er utstyrt med musikkinstrument og lydutstyr som legg til rette for formidling.

Sødorp kyrkje

  • Elektrisk/digitalt orgel
  • Integrert lydanlegg og miksebord med 16 kanalar og med høve til å kople til lydkjelder med blåtann-teknologi.

Sødorp kapell

  • Elektrisk/digitalt orgel
  • Elektrisk piano.

Kvam kyrkje

  • Elektrisk/digitalt orgel og eit elektropneumatisk orgel.
  • Eit akustisk piano.
  • Eit firekanals lydanlegg for song og/eller musikkinstrumentet.

Kvam kapell

  • Tråorgel

Skåbu kyrkje

  • Elektropneumatisk orgel med ein manual.
  • Akustisk piano.

Kvikne kyrkje

  • Elekrisk/digitalt orgel


For musikalsk samarbeid, kan dykk kontakte kyrkjemusikar. For leige av kyrkje elle anna samarbeid kan dykk kontakte kyrkjeverje. For offentleggjering i våre kanalar, kan dykk kontakte kyrkjelydssekretær. 

Kyrkja i Nord-Fron har eiga konsertfond du kan støtte. Vipps: 598171, der du vel kategorien "Pengegåve konsertfond". 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"