Hareid kyrkjelege fellesråd og Ulstein kyrkjelege fellesråd har ansvar for gravferdsforvaltninga for alle som budde i Hareid kommune / Ulstein kommune ved dødstidspunktet, uavhengige av medlemskap i trussamfunn.
Gravferdsseremoni
Kirkemøtet har fastsatt alminnelege føresegn i høve gravferder (med hjemmel i kronprinsreg. Res.., jf. Grunnloven §16). Desse er vi forplikta til å forhalde oss til.
Gravferdshandlinga er fellesskapet si siste teneste for sine medlemmar. Når ein person er død, sørger dei som sto vedkomande nær, vanlegvis familien, for at den døde behandlast på verdig vis og får ei verdig gravferd. Her gjeld grunnleggande føresegn gitt i gravferdslova.
Når ein person, som er medlem i Den norske kyrkja, døyr, blir det etablert kontakt mellom tenestegjerande prest i kyrkjelyden og dei pårørande, så snart som mogleg etter dødsfall. Her er også både gravferdsbyråa og kyrkjekontora tidleg inne i prosessen. Gravferd skal skje seinast 10 dagar etter dødsfall (her medreknast ikkje laurdag/søndag og helligdagar), jf. Gravferdsloven §10 tredje ledd og §12. Det er kyrkjekontoret som fastsett tidspunkt for gravferd. Tysdagar og fredagar er faste dagar for gravferdsseremoni.
Gravferd etter kyrkja si ordning er ei kyrkjeleg handling av gudstenesteliknande karakter. I den liturgiske utforminga skal kyrkja si grunnleggjande kristne tru vere i fokus. Gjennom val av skriftlesingar, bøner, salmar og det som elles seiast og gjerast, kjem det kristne bodskap til uttrykk.
Blomstrar, kransepåleggingar og talar
I følgje regelverk for alminnelege føresegn i høve gravferder, skal utsmykning, symbol og kransepålegging tilpassast handlinga si gudstenesteliknande karakter og ein bør tilstrebe nøkternheit i bruk av blomstrar, kransar og liknande. Tale ved eventuell kransepålegging må ikkje finne stad utan at den som sørgjer for gravferda (pårørande), har gitt samtykke til dette. Det bør leggast til rette for medverknad frå dei pårørande.
Under kranspålegginga i seremonien i Hareid og Ulstein kan alle som vil seie noko i gravferda, sjølve få gjere – under føresetnad av at dette er klarert med den som sørgjer for gravferda (pårørande) i god tid på førehand. Gravferdsbyrå eller prest kan hjelpe til med å lese opp helsingar/kransar.
Det oppmodast til å velje minnegåve, då vil pengar gå til eit godt formål som kjem andre til gode.
Salmar og songar
Salmar og songar skal godkjennast på førehand av den som skal forrette (prest). Alt musikkstoff som skal brukast, skal på førehand godkjennast av kantor/organist. For å gjere det mogleg å finne fram song og musikk som er best mogleg eigna, bør kontakt med dei pårørande opprettast så snart som mogleg.
Jordpåkasting ved gravferd
Jordpåkasting finn stad ved grava. Liturgen kan unntaksvis når ytre forhold tilseier det, beslutte at det skal skje inne i kyrkje/kapell. Til dømes ved ekstremver. Som hovudregel skal kista senkast heilt ned før jordpåkasting.
Kyrkjeklokkene
Det klemtast med kyrkjeklokkene medan følgjet går til grava, og ved handlinga sin slutt blir det slått 3 ganger 3 slag.
Hareid sokn
Sokneprest Lars Hartig-Tangedal
Kyrkjeverje Jostein Bildøy
Kantor/organist I dag Teige
Ulstein sokn
Sokneprest Mirjam Håland Igland
Kyrkjeverje Christfried Kaul
Kantor Michelle Öhman