Mot Målet
Mot målet er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein kyrkje og Ulstein KFUK-KFUM speidarar. Du vil møte speidarane undervegs på turen mot målet. Vi skal gå frå Ulstein skule til plassen den Ulstein kyrkje stod heilt fram til 1878. På vegen skal vi innom ulike postar, der vi får snuse litt på speidarkunnskap, lære om gamal historie frå Ulstein, og bli kjent med forteljingar frå Bibelen. Når vi er fremme blir det avslutning med boller og saft!
Når? Torsdag 28. mai. oppmøte kl. 17:30 ved Ulstein skule (Skeide). Ta på deg utekle! Henting: kl. 20:00 Ved Ulstein gamle kyrkjestad
Påmelding: De kan melde dykk på til arrangementet lengre ned på sida.
Frist for påmelding: mandag 25. mai.
Meld på NO før det blir gløymt!
Praktisk informasjon
Vi skal vere ute uansett vêr, så borna treng å ha uteklede/regnklede og fottøy tilpasse vêret, ta gjerne kontakt med underteikna eller med kyrkjekontoret om det er noko de lurer på.
Venleg helsing
Ingrid Madli Sæter, Kyrkjelydspedagog. im678@kyrkja.no/47401349
