Besøk fra Karpacz i Polen

Vang sokneråd får besøk frå Karpacz i Polen 18. - 24. juni. Vil du vera med på tur, sosial samankomst eller gudsteneste? Klikk her og sjå programmet. Arrangementa er opne for alle.

Publisert:

Besøk fra Karpacz i Polen
Vang sokneråd selde stavkyrkja si for vel 180 år sidan. Sidan den gongen har kyrkjelyden i Karpacz brukt og passa på kyrkja som si eiga. Dei siste 10 åra har kyrkjelydane besøkt kvarandre som slektningar og hatt gjensidig glede av det. Besøket frå Karpacz denne gongen er eit slikt besøk.
 
Fire personar frå Karpacz og stavkyrkja vil være i Vang 18.-24.juni.
 
Vang sokneråd har laga eit program for dagane med besøk som er ope for alle, så det er berre og møte opp.
 
Laurdag 20. juni - Kl. 12.00 - Drengestøga/Hugakollen
Lett fjelltur til Hugakøllen. Oppmøte ved Drengestøga kl. 12:00.
Ta med godt humør. Hugs også mat, drikke og klede for turen. Samkjøyring er best, avtal gjerne på førehand, eller møt opp og tru at det ordnar seg likevel.
 
Søndag 21. juni - Kl 16:00 - Torsheim
Leif Solemsli har varm grill på Torsheim!
Ta med gjester, venner, dei du vil. Soknerådet håpar å sjå deg der!
 
Søndag 21. juni - kl.19:00 - Vang kyrkje
Søndag kveld feirer me ekumenisk gudsteneste i Vang kyrkje og Vangskoret avsluttar messa med ein mini konsert.
 
Måndag 22. juni - KL. 10.00 - Drengestøga/Vestlandet
Me møtest igjen ved Drengestøga, denne gongen kl 10:00.
Då går turen til Vestlandet. Det blir ein rundtur i bil til Årdal, Lærdal, Borgund stavkyrkje og St. Tomaskyrkja. Me tek den tida me treng, stoppar for å ete, nyte utsikt og være saman på tur.
For å vera med på turen treng du følgande: bil/skyss, eigen lunsj, god tid og godt humør.
 
Tysdag 23. juni - Kl. 18.00 - Øye stavkyrkje
Jonsokmesse med dåp og Høre Mannskor i Øye Stavkyrkje.
 
Håper me ser deg!
 
Helsing frå Vang sokneråd
 

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Opningstider Vang kyrkjelige fellesråd

Kyrkjekontoret:

Ope tysdag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Prestekontoret i Drengestøga:

Ta kontakt med soknepresten for avtale.

Epost: il597@kirken.no

Telefonnummer:  92 65 33 20

Besøksadresse Kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5171, 2975 Vang i Valdres

Besøksadresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 Vang i Valdres

Postadresse Kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

 

 

 

Telefonnummer til kyrkjekontoret:

47 63 04 05

E-post til kyrkjekontoret:

post.vangivaldres@kirken.no

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"