Ottosen er teolog, filosof og kommentator i avisa Dagen. Han har gjennom fleire bøker og innlegg arbeidd med spørsmål om kristen tru og tvil. I boka Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen? drøftar han mellom anna innvendingar mot gudstrua og kva som kjenneteiknar kristen tru.
Føredraget er ein del av undervisningsserien «Kva seier Bibelen …?», eit samarbeid mellom Norkirken Nordhordland, Frekhaug Indremisjon og Meland kyrkjelyd. Samlinga finn stad på Kyrkjetorget, Havnevegen 31 på Frekhaug. Hjarteleg velkomen!
