Konfirmant i Knarvik sokn!

Velkomen som konfirmant i kyrkja!      Nedst på denne sida kan du klikka deg vidare på konkret informasjon om konfirmasjon i Knarvik sokn. Den blå "boksen" nedst trykker du på for å koma rett til påmelding (NB: Du må logga inn med ein eingongskode du får tilsendt på sms.)

Kvart år vel mange 14-15 åringar å bli konfirmerte i kyrkja, og alle er velkomne. Konfirmasjonstida handlar om å få tid til å undra seg, utforska og erfara kva den kristne trua er. Den handlar om livet ditt og spørsmåla dine. Me håpar og trur at du kan få læra meir om Gud, deg sjølv og dei rundt deg. Du er invitert til å bli med på ei spennande reise fram til den høgtidlege konfirmasjonsdagen i mai.

På denne sida finn du informasjon om innhaldet i konfirmanttida, mellom anna om dei tre ulike gruppene du kan velje mellom. Her er også praktisk info som viktige datoar og konfirmantavgift. Her legg me inn ny informasjon etter kvart som planane vert lagt. Lurer du på kva konfirmasjon er og om du skal vere kyrkjeleg konfirmant? Kanskje du får hjelp til å finne svaret her? Ved påmelding kan du velje gruppe og konfirmasjonstidspunkt. Dersom du ikkje veit alt som skal fyllast inn, skriv det du veit og send inn, og resten kan du senda seinare. Ynskjer de spesiell tilrettelegging ynskjer me også informasjon om dette tidleg.