Allehelgensdag er på søndag 1. november, og mange oppsøker gravene med lys og blomar på laurdagen. Det er tungt å vere åleine i sorga, og difor vil kyrkja vere til stades heile helga.
Det vert opne dører i Meland kyrkje på laurdag 31. oktober klokka 11- 16.
Inne i kyrkja kan du setje deg ned og lytte til musikk, tenne eit lys og minnast den du saknar som har gått bort. Det vert servert kaffi og kakao ute på kyrkjegarden til dei som vil ha.
Dersom ein ønsker å slå av ein prat, er prest og diakon til stades, ilag med gode frivillige i kyrkja.
På søndag 1. november er det minnegudsteneste kl 19.00.
Sjå meir om dette i lenka under:
