Vel møtt til vigslingsgudsteneste!

Søndag 6.september kl 11. vert Eva Kristin Dale Wessman ordinert til presteteneste og innsett som kapellan i Meland kyrkjelyd. Etterpå vert det fest for alle som vil på Nordhordland folkehøgskule sin festsal.

Publisert:

Eva Kristin Dale Wessman, her utan stola, som vert lagt på 6.9
Eva Kristin Dale Wessman, her utan stola, som vert lagt på 6.9

Denne søndagen vert ein spesiell søndagsåpent, med vigsling til presteteneste. Biskopen kjem, kjem du?

Dagen vert fylt av mykje god song og musikk: Koret Felix Vocalis vil synge, og vi har med flinke forsongarar og musikarar, både barn og vaksne!

Løva kjem, og borna kan bli med på Løvegjengen, ei samling for dei minste under gudstenesta.

Vi skal feire nattverd saman, med bønevandring under nattverden. 

Tekstar for dagen kan du finne i lenka under, og takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.

Etter gudstenensta er alle invitert til å bli med på fest på Nordhordland Folkehøgskule! Det blir servering av betasuppe og stort kakebord, kjekt program med utlodding mm. Inngang kr 100,-  (Barn frå 5 år kr 50,-, maks pr fam. 300,-)

Velkommen til ei flott hending i kyrkjelyden!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"