Rekord til Fasteaksjonen

Meland kyrkjelyd sin Fasteaksjon har sett innsamlingsrekord for andre år på rad!

Publisert:

Rekord til Fasteaksjonen

Meland kyrkjelyd har verkeleg mobilisert i samband med Fasteaksjonen i år. Om lag 160 menneske har bidrege med stort og smått til inntekt for aksjonen. Mellom dei er konfirmantane (gruppa med størt auke på innsamla beløp), agentar for rettferdighet (4.-klassingar som hadde aktivitetar i kyrkja), koret Te Deum frå Osterfjorden som hadde konsert. Det var Fasteaksjonsdag i senteret, med mellom anna baklukeloppis, sykkelservice, kafé og open scene der musikarane Jean-sébastien Rouxel og Andreas Westermoen spelte. Dei som var der fekk til og med høyre urframføringa på ein ny song skrive for aksjonen: Fast action blues! 

Til saman fekk vi inn kr. 126 897,85. Av dei blei kr. 111 967,- samla inn gjennom kyrkjelyden sine kanalar, medan kr. 14 931,- har blitt gitt direkte til Kirkens Nødhjelp på vipps eller konto. Med desse pengane kan Kirkens Nødhjelp skaffe trygg tilgang på reint vatn til 423 menneske som ikkje har det i dag. 

Tusen takk til alle som er nemnd over, og tusen takk til alle Meland-buar som har gitt til aksjonen! Det er håp i ein drope vatn!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"