Kyrkjelyden i Meland har ei fast gjevarteneste der det kjem inn litt over 320 000 kroner i året. Pengane er til hjelp for arbeidet i kyrkjelyden på fleire måtar. Dei gjer det mogleg å driva Møteplassen i Frekhaug senter, og dei støttar barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Ungdomsarbeidar Ruben Sæle får delar av løna si frå desse innsamla midlane. På gudstenesta blir han intervjua om arbeidet sitt for konfirmantar og ungdommar i kyrkjelyden.
Jan Rantrud talar om gjevarteneste. Teologen Rantrud er kjent for sin kjennskap til Midtausten og kunnskap om Bibelen, for sin grøne teologi – og for sine ofte uvante innfallsvinklar.
Gudstenesta byrjar kl. 11.00, og det er nattverd. Jentene i ungdomskantoriet Octavia syng. I tillegg til søndagsskulen Løvegjengen, har ungdomsarbeidar Ruben eit eige opplegg for ungdommane i Gapahuken ovanfor kyrkja. Under gudstenesta blir det gitt ein presentasjon av gjevartenesta i Meland kyrkjelyd.
Det er heilt i orden å koma til kyrkja utan pengar.
Det er heilt i orden å gå igjen utan pengar.