Klokkar for kvelden, Johannes Lyngset, leidde forsamlinga gjennom ei avdeling med salmar slik dei kan ha vorte sungne då Melandkyrkja var ny i 1866 – på gammal dansk og i sakte tempo, sjølvsagt. Arnt S. Brakstad presenterte nokre av dei gamle gjenstandane i kyrkja, og kunne visa fram ting som hadde høyrt til i begge dei to kyrkjene som har stått på Meland før den noverande vart reist. Den nyrestaurerte kollekthåven med bjølle høyrde definitivt til i ei tid før kyrkjelyden kunne gje kollekt via kortlesar bak i kyrkja.
Konserten vart avslutta med at det lokale prosjektkoret leidd av dirigent Kristine Fluge framførte ”Striletonen vår Herre skapte”. Koret gav dei mange frammøtte ei vakker og engasjert framføring av religiøse folketonar frå Nordhordland. Solistar var Kjersti Wiik og Johannes Lyngset. Laila Kolve spela fløyte, og Sjur Hjeltnes trakterte det innlånte trøorgelet og kyrkjeorgelet. Gamleorganisten Arvid Sakseide batt kvelden saman.
Arve Kjell Uthaug