Duoen har lang erfaring frå konsertscena og byr på eit variert og levande program. Her får vi høyre både kjende verk frå den klassiske musikken og vakre, gjenkjennelege melodiar frå andre sjangrar – alt presentert på ein folkeleg og engasjerande måte.
Konserten koster kr. 200, born og unge inntil 16 år går gratis. Innan 1.september kan du sikre deg billett til berre kr. 175 ved å kjøpe via Vipps!
I Vipps-appen søker du opp Vippsnummer 24042 (Manger kyrkje).
Vel kategorien som heiter "Konsertbillett - Earlybird"
Tast inn beløpet (kr 175 per billett) og betal.
Vis fram kvitteringa når du kjem i kyrkja - det er den som er billetten din.
Det vil ikkje vera mogleg å kjøpe Earlybird-billett etter 1.september - sikra deg billett til lav pris no!
Vel møtt til ei stemningsfull musikkstund i kyrkjerommet!
