Ved flygelet finn vi som alltid John William Kay, som òg dirigerer koret gjennom eit variert og innhaldsrikt program. I år får publikum dessutan møte spennande gjestar, som det vil kome meir informasjon om etter kvart.
Ta ein pause frå juleførebuingane og bli med på ei musikalsk stund fylt av lys, varme og ekte juleglede. Vi ønskjer store og små hjarteleg velkomne til ein kveld som set tonen for adventstida. 🎄✨
Tid: Torsdag 3. desember kl. 19.00
Stad: Manger kyrkje
Medverkande: Radøy Damekor
Dirigent og flygel: John William Kay
