Fornying på Nore Neset

Mange har nok observert at det har vore anleggsarbeid på Nore Neset kyrkjegard siste året. Bakgrunnen for det er trong for fleire urnegraver og fleire graver til namna minnelund i Os sokn.

Publisert:

Fornying på Nore Neset

Det er for fleire år sidan utarbeidd plan for ei større utviding av gravplassen på Nore Neset i området bak kyrkja (sett frå Skeisflaten), men dette krev ei større investering og prosjektet må skyvast noko ut i tid. 

For å møte behovet for fleire urnegravar vedtok styret for gravplassforvaltinga i Bjørnafjorden, Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, at området som før var ein dam med ei bru skulle omgjerast til ny urnelund. Dam-området har med tida ikkje vorte den utsmykkinga og fekk ikkje den funksjonen som ein såg for seg da gravplassen på Nore Neset vart utvida samstundes som kyrkja vart bygd i 2000. 

Det er Landskapsarkitektfirmaet Smedsvig som har prosjektert og teikna dette nye feltet, og Gravdal Hage og Anlegg som har vore utførande anleggsgartnar. Kommunen har løyvd 2,5 millionar kroner til prosjektet, noko som gir ein gjennomsnittleg kostnad på i overkant av kr. 12.000 per grav. Dette er gode tal samanlikna med den siste store utvidinga av gravplassar på Os-sida av Bjørnafjorden, Kuventræ gravplass. Her var kostnad per grav  i overkant av kr. 20.000 i 2014-kroner. Denne utvidinga på Nore Neset  er såleis ganske rimeleg for ein pressa kommuneøkonomi. 

Kistegrav eller urnegrav?

Går vi tilbake 20-25 år, så var tradisjonell gravlegging i kiste det vanlegaste.  Gjennom dei siste 20 åra har det vore ei markant endring i kva gravform som vert brukt.  No vel omkring 70% av osingane kremasjon, som er på nivå med det som er vanleg i byar som t.d. Bergen. Dette er ei utvikling som er positiv med tanke på arealutnytting og kostnadar, då opparbeiding av urnegravplassar er ein del rimelegare enn kistegraver, og ein treng noko mindre areal. 

Store delar av Nore Neset er anlagt for kistegraver og det er førebels nok ledige kistegraver for å dekke forventa etterspurnad dei næraste åra, men det vil venteleg vere behov for fleire urnegraver tidleg på 2030-talet. 

Namna minnelund 

I 2021/22 vart det etablert namna urnelund på Nore Neset kyrkjegard. Dette er framleis eit litt ukjent omgrep for mange. "Namna minnelund" er i prinsippet ei vanleg urnegrav, men i staden for eige gravminne på grava, er det eit felles gravminne der namnet på avlidne vert sett opp.   

Ved minnesmerket er det høve til å sette ned blomar eller sette frå seg eit gravlys. Det er gravplassforvaltinga som syter for at det er velstelt rundt gravminnet. Difor er ei slik gravtype særleg tenleg for dei som ikkje har høve til å sjå ofte til grava ein har ansvar for. 

Både det nye urnefeltet og den namna minnelunden står no klar til bruk når det er trong for det. På Os-sida av Bjørnafjorden er det no etablert namna minnelund på Kuventræ gravplass og Nore Neset kyrkjegard. Gravplassforvaltinga har arbeidd med planar om namna minnelund ved Fusa kyrkje, men treng løyving til tiltaket slik at dei på fusingane òg kan få eit slikt alternativ på gravplassen.

 

Tekst og foto: Prosjektleiar Gerhard A. Hansen og driftsleiar Kenneth Molland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"