Utført arbeid påske-juni:
- Takstein er vurdert. Kanskje ¼ kan nyttast og leggast på att på ei flate, evt. ny stein på alt.
- Ved tilgang til murverket, er det funne eindel sot. Eksperter er i gang med å finne ut korleis luktsanering skal skje.
- Golv er tatt ut og leira i golvet er sugd ut.
- I kyrkjerommet er det lagt på midlertidig golv.
- Listverk, dører og vindauge er/blir demontert.
- Har fjerna murpuss innvendig.
- Dei lange kyrkjebenkene frå 1. etasje er kassert.
- Test med luktsanering av kyrkjebenkene på galleriet.
- Kyrkjeklokkene er sendt til Olsen & Nauen klokkestøperi for kontroll og rensing.
- Prekestol, døpefont, alter m.m. skal testast for luktsanering.
Prosesser - Nye Dombås kyrkje
- Sokneprest og kyrkjeverge har spesifisert bruk av sakristi og galleri-møterom.
- Arkitekt lager teikninger av sakristi, trapper, lager og evt. podium.
- Arkitekt starter tegneprosess av nye benker og evt. stoler.
- Skisser blir lagt fram for soknemøte til uttale før vedtak i Dovre Kyrkjelege Råd.
- Vurderer teknisk rom i kjeller.
- Utgreier oppvarmingssystem og automatisk slukkeanlegg.
- DKR har sett ned ei gruppe for å utgreie kunstnerisk utsmykning.
- Kunstnerisk utsmykning har til formål å understøtte kyrkjerommet sin funksjon og formidling av bodskapen.
- Gruppa skal innan 1.12.21 levere eit notat med vurdering og tilråding om utforming, utførelse og kunstnerisk uttrykk av altertavle, alterbord, prekestol, lesepult, døypefont, kvelv, ljostenningsstad og barnealter.
- Gruppa består av: Sokneprest Elisabeth Torp, organist Jørgen Brandli, Hans-Jacob Dahl, nestleiar i rådet Eli Nytrøen Lyngen, arkitekt Erik Langdalen (leiar av gruppa).
- Kyrkjelyden vil bli gjeve høve til å uttale seg om dette før DKR gjer vedtak.