Grex Vocalis vart stifta av Carl Høgset i 1971 og etablerte seg snart som eit av dei leiande kammerkora i Noreg. Koret er inne i sitt siste år, og dette er den siste turneen koret gjer i Noreg.
Koret har heilt frå starten hatt internasjonale musikalske interesser og ambisjonar. Varemerket til koret er den spesielle, homogene klangen som har kjenneteikna Grex frå første plateutgjeving og fram til i dag. Grex Vocalisspesialiserte seg i starten på tidlegmusikk, og har teke med seg inspirasjon frå uttrykket til tidlegmusikk til andre epokar.
På konserten på Fitjar skal koret framføra musikalske høgdepunkt frå mange ulike epokar, og av utanlandske og norske komponistar, som t.d. G.P. da Palestrina, Arne Nordheim , Giuseppe Verdi , Edvard Grieg, Felix Mendelssohn- Bartholdy og Trond Kverno, - for berre å nemna nokon.
Grex Vocalis har turnert mykje både i Noreg og Europa, og har besøkt Japan og Cuba. Koret har vunne tre Spellemannprisar, førsteprisar i nasjonale og internasjonale korkonkurransar, gitt ut ti plater og medverka på enda fleire. Det er første gong koret syng i Sunnhordland.
Billettar kan de kjøpa i døra, eller de kan førehandsbestilla billettar hos Hildegunn Aadland 95138011. (bill.priskr. 250/ stud. Kr.200)
Hjarteleg velkomne!
Helsing Temakveldgruppa i Fitjar kyrkjelyd