Dagane vert lengre og lysare, og med det følgjer og den siste temakvelden i vår. 25. april ønskjer vi varmt velkomen til ein kveld med Lina Sandell i ord og tonar. Det er vel dei færraste som ikkje har eit forhold til denne svenske forfattaren som vi kjenner frå både søndagsskulen og kyrkja og frå salme- og songbøker. Osternes mannskor har sett saman eit reint Lina Sandell-program, og vi får møte både kjende og mindre kjende songar. Koret har med seg solistar og musikarar, og tilhøyrarane vil og få høve til å synge med på nokre av dei mest kjende songane. I tillegg vert det og litt informasjon om Lina Sandell si dikting.
Dette vert eit flott høve til å heidre ein viktig og produktiv forfattar!