Han er stått opp!

Her kan du lese Paul Kristian Steiro sin preken for 1.påskedag. Tekst: Luk. 24, 1-9.

Foto: Pixabay

Evangeliet etter Lukas, kap. 24, vers 1-9

Ved daggry den første dagen i uken kom kvinnene til graven og hadde med seg de velluktende oljene som de hadde laget i stand. Da så de at steinen var rullet fra graven. Og de gikk inn, men fant ikke Herren Jesu kropp. De visste ikke hva de skulle tro, men med ett sto det to menn hos dem i skinnende klær. Kvinnene ble forferdet og bøyde seg med ansiktet mot jorden. Men de to sa til dem: «Hvorfor leter dere etter den levende blant de døde? Han er ikke her, han er stått opp. Husk hva han sa til dere mens han ennå var i Galilea: ‘Menneskesønnen skal overgis i syndige menneskers hender og korsfestes, og den tredje dagen skal han stå opp.’» Da husket de hans ord. Og de vendte tilbake fra graven og fortalte alt dette til de elleve og til alle de andre.

Tekster: Sal 118, 14-24. 1.Kor 15, 1-11.

_______________________________________________________________________________

Nokre kvinner går til Jesu grav for å salve liket med velluktande olje, slik tradisjonen var. Men liket er ikkje der. To menn i skinande klede fortel at han er stått opp. Vi har fem forteljingar i vår Bibel om Jesu oppstode, og dei er temmeleg ulike, truleg på grunn av den forvirringa, skrekken og tvilen som dei var prega av, dei som opplevde dette og fortalde det vidare.

Men eitt poeng er openbert det same i alle forteljingane, og det er AT Jesus stod opp.

Først forstod dei ingenting. Då Jesus døde langfredag, hadde dei jo avskrive han. Han var håpet for jødane, for Israel, men han døde på eit tre. Og den som er hengt opp på eit tre, er forbanna av Gud (5 Mos 21,23). Han, av alle, kunne ikkje stå opp.

Eit lys går opp for kvinnene og dei andre: Jesus tok på seg ansvaret, slik vi høyrer, utan samanlikning for øvrig, i samband med terroraksjonar: Den eller den gruppa tek på seg ansvaret for den eller den aksjonen som drap så og så mange. Jesus tok på seg ansvaret. Vi går og ber rundt på våre synder, Jesus tok syndene på seg og bar dei bort. Jesus tok på seg forbanninga då han vart hengt opp på treet. Krossen.

Gjennom si forkynning og sine gjerningar hadde Jesus vore radikal. Han åt i lag med prostituerte og tollarar. Han hadde medkjensle med blinde og spedalske. Han talte makta midt imot, sparka oppover, men tok borna inntil seg og velsigna dei.

For meg er det mest radikale i påskefortellinga – reint bortsett frå det umoglege i at ein død mann står opp – at det var kvinner som var dei første apostlane. Det var kvinner som kom til grava og fekk i oppdrag å fortelje vidare det som hadde hend. Dette med kvinner hoppar Paulus over i dagens lesetekst, det er så eg mest blir irritert på han. Paulus viser berre til at Jesus viste seg for Kefas og dei andre læresveinane, deretter for mange. At det var kvinner som var dei første forkynnarane av den oppstadne Kristus, kastar eit merkeleg lys over den kristne kyrkja sin motstand mot kvinnelege prestar, like fram til vår tid. Eller iallfall vår svært nære fortid.

Men det viktigaste er likevel bodskapen: At Jesus stod opp. Og at han ikkje forsvann ut av tida, ut av verda, ut av historien, men at han stadig er verksam hjå oss, i verda.

Jesu oppstode endrar vår haldning til livet, som Jakob Jervell sa i Nordberg kyrkje påskedag 2011. Hans preike har inspirert også denne preika. Vi lever vårt liv i dødens slagskygge. Døden kan vi ikkje gjere noko med, vitskapen kan ikkje stoppe døden. Vi er redde for døden, dei fleste av oss. Men med Jesu oppstode kan vi tru at døden ikkje får siste ordet, for Jesus tok ansvaret, han tek ansvaret. Slik han tok ansvaret for røvaren som hang ved sida av han, slik tek han ansvaret for oss, og vi kan tru og håpe at vi skal treffe våre nære og kjære att, ikkje i dødsriket, men i himmelriket. Død og sorg er realitetar i vårt liv. Men med oppstoda er ikkje døden lenger kulde og mørker, men varme og lys. Døden er ikkje eit ”farvel”, men ”på gjensyn”.

Så lat oss feire og glede oss i dag, trass coronavirus og anna som står livet imot, for:

KRISTUS ER OPPSTADEN! JA, HAN ER SANNELEG OPPSTADEN!

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage anden, som var og er og vere skal ein sann Gud, frå æve og til æve.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"