Erika Solli frå barne og ungdomsarbeidet i NMSU deltar for å fortelje meir om Estland. Ho har sjølv møtt fleire frå kyrkjene i Estland saman med Dorthe Lervik som er lokalt engasjert i kyrkja på Valderøya. Dei håper at vi får nokre «sprell» ute etter gudstenesta, der inntektene går til ungdomsarbeidet i Estland.
Så får vi berre håpe at smittesituasjonen ikkje skaper hindringar for gudstenesta.
Uansett kan du vere med å støtte prosjektet under aksjonen som varer fram til St. Hans eller når det måtte passe. Takk for at du vil bli med.
SAMAN SOM KYRKJE – DET HANDLAR OM Å BRY SEG!