Dette er eit enkelt tilbod til dei som lenge har tenkt på dåpen som eit alternativ, eller berre vil gjere det enkelt. Ein vel sjølv om ein berre vil ha med 2 fadrar, eller fleire skal få ta del i dette. Dåpen i kyrkja har inga aldersgrense. Dei aller fleste som høyrer til i den Norske kyrkja, vel å døype barnet sitt i løpet av dei 6 første mnd.av barnet sitt leveår. Andre foreldre tenkjer at dette er eit val barnet sjølv skal få ta når det blir 6, 8, 10, 14 år eller eldre. Denne torsdagen kan du stikke innom kyrkja å bli døypt med ein enkel seremoni. Legitimasjon og 2 vitner/fadrar er det einaste som trengs. Ein kan også melde seg på denne dagen, som til andre dåpsdagar, via skjema på nettsida vår, under påmelding til dåp.
Drop- in- dåp i kyrkja
I fleire år har vi hatt dette tilbodet på våren - at den som ynskjer det, kan kome innom kyrkja for ein enkel dåp. Torsdag 4.juni frå kl.17:00 skjer det igjen.
Publisert:
