Ung i Haugesund inviterer alle unge vaksne og studentar til tacofredag anna kvar fredag (oddetalsveker) i våre lokala i Skåregata 145 i Haugesund sentrum. Dørene opnar kl. 1830 og vi serverer taco og har quiz fram til 2030.
Tacofredag er ein lågterskel møteplass kor alle mellom 18-35 år kan koma. Det vil alltid vere nokon å snakke med, så du kan kome både åleine eller saman med andre.
Du får tacobuffet for 50 kroner, dvs. så mykje taco du berre orkar! Drikke kan du kjøpe utanom. Tacofredag er alltid eit rusfritt arrangement.
Første tacofredag for hausten 2026 er 14.08.
Resten av datoane finn du her:
Veke 35, fredag 28.08.
Veke 37, fredag 11.09.
Veke 39, fredag 25.09
Veke 43, fredag 23.10
Veke 45, fredag 06.11
Veke 47, fredag 20.11
Veke 49, fredag 04.12
