Prekentekst: Joh 7, 14 - 17
Diakoni er kirkens omsorgsteneste, står det i diakoniplanen. Men det handlar også om noko mykje djupare: Diakoni kviler på Guds kjærlighet, konkretisert og virkeliggjort ved Jesu liv og lære. Dagens tekst visar den tette relasjonen mellom far og sønn. Heilt fra starten beskriv Johannesevangeliet forbindelse mellom Gud og Jesus:
I begynnelsen var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud.
(..)Ordet vart menneske og tok bolig iblant oss
og me såg hans herlegdom, som han har fra sin far.
I Jesu dåp opnar himmelen seg. Den heilage ande kjem ned over han som ei due og ei røst lyder fra himmelen: ”Dette er min sønn, den elskede, i deg har eg mi glede”.
Og det er akkurat som ein dras inn dit - i dette feltet - der kjærleiksstrømmen fra Gud til sønnen blir levandegjort - ved Den heilage ande. Og her, i denne relasjonen står diakonien: Den norske kirkes diakonale visjon er: Guds kjærlighet til alle mennesker og alt det skapte, virkeliggjort gjennom liv og teneste.
I nattverden innlemmes me i denne kjærligheten. Kirsten har lest om ordet som er deg heilt nær, i din munn og i ditt hjerte, så du kan leve etter det. Jesus, som sjølv er ordet, gir oss det - gjennom sin kropp i nattverden, der han er fysisk og konkret tilstade - og gjennom sine ord og gjerningar i Bibelen. Jesus innlemmar oss i det guddommelige mønsteret. Begrepet teori – theoria, betyr egentlig å skue den guddommelige logikken. Gjennom hans visdom og hans gjerning, får me innblikk i noko av Guds mysterium, som ikkje kan forstås på verdens betingelsar, fordi det bryt med våre kategoriar. Det er ikkje nok å høre hans ord, me må gjøre hans ord - levande, dvs. utføre diakoni. Når me handlar etter Guds vilje, skal me merke, kjenne, erfare og forstå om Jesu lære er fra Gud.
Guds kjærlighet
Me har ulike Gudsbilder og erfaringar av Guds kjærlighet. Det som er klart er at Gud er så grunnleggande annerledes enn alt me kan forestille oss. Og samtidig er hans kjærlighet det mest naturlige for oss og ligg der som ein grunnholdning fra begynnelsen: Som barn er me avhengig av omsorg og ivaretakelse. Forskning viser heilt klar at det å få dekt fysiologiske behov ikkje er nok. Barn stolar på vissheten om foreldras kjærlighet. Om den sviktar blir såret djupt. Det rokkar ved fundamentet ved vår eksistens og virkeligheten blir upålitelig.
Eit av mine Gudsbilder – er ein raud magnet, så stor, så annleis, så heilag, at eg må bøye meg og ta av med på beina. Der møter eg Jesus som vaskar beina mine slik at eg kan møte Gud. Der kan eg få ta imot og speile denne magneten, slik vatnet, når det er heilt stille, speilar sola, som tusenvis av små diamantar. Men så uroes vatnet, egoet poppar opp og ber om oppmersksomhet og ære. Eg mistar synet av Jesus som står rolig på vatnet, midt i vindens kaos av frykt, uro og bekymringar. Han ber oss om å kvile i det som er, som ligg der, slik det er skapt av han. Kvile i Han som Er. Me slepp å prestere, produsere eller posisjonere oss. Berre vere til. I han som er. Dette er diakoniens væren. Diakoni er både å gjere og å vere.
Gudsbildene kvilar ofte i erfaringane:
I ei gresk bibeloversetting er ordet for medfølelse oversatt med eit ord som beskrives som noko ein kjenner fysisk, i magen. Mange som har levd eit liv i rus, slit med sjølvforakt og ein beskreiv det slik - at mange har erfaringar med ”han andre”. Da eg jobba som miljøarbeider på rusbehandling for ti år sidan, brukte eg reisevegen til å lade opp ved å sjå for meg den enkelte bebuer, foran Jesu kors - med setningen: Om du noen gang skulle glemme? Og fekk kjenne det som ein fysisk reaksjon i magen; Jesu medfølelse med den enkelte, ein etter ein. Og til slutt alle. Me er kalt til å ta imot denne overveldande kjærligheten, som er så annleis, så rik, detaljert, avansert og himmelsk, men likevel kjent. Me er kalt til elske, med hans kjærlighet - også dei framande, dei utstøtte, fattige. Og me er.
Kalt til å sjå livet sakramentalt
På same måte som vin, brød og vatn både er heilag og jordisk, er me kalt til å la oss forme i Guds bilde, utan å slutte å vere menneske. Me skal øve på å sjå verden sakramentalt – slik Gud ser. Som bærarar av Guds nærvær. Det åndelige livet er ikkje overåndelig, men veldig konkret. Det er brød og vin. Det er felles brødmåltid, oppvask og opprydding. Fest og fordeling - i lokal samanheng - ved at alle tar ansvar for måltidet og sørger for at det blir nok til alle - og fordeling i global samanheng:
Gjennom flyktningestrømmen tvingar nøden seg på oss og forstyrrar og utfordrar vårt private liv. Menneskelig nød og lidelse - er Guds lys som får oss til å sjå virkeligheten skarpare. Me blir utfordra til å sjå verden slik den virkelig er.
Me trur på ein allmektig far som eig heile jorda og som gir og gir uttømmelig. Det er rikelig til å dekke alles behov, men ikkje til grådighet. Vår umettelighet gjør at me prøver å bygge opp murar og skiller mellom oss og dei andre. Djevelen - diabolos - som betyr å splitte, skape skiller mellom oss.
Gud samlar. Gudskjærligheten er så sterk, at i møte med den, blir skillene mellom oss ubetydelige når det kjem til stykke. Nestekjærligheten i diakoniplanen opphever skillene mellom oss og dei, til eit nytt vi. Det er ein bevegelse mot meir likeverd, rettferdig fordeling, mot einhet og samling i midten, der alle er eit i Kristus Jesus; Der er livet så rikt, så mangfoldig og så grenselaust. Der gjenfinn me vår relasjon med Gud, med andre mennesker og alt det skapte. Me er relasjonsvesen, metta, ladd med kjærlighet. Det er vårt sanne ansikt. Vår sanne identitet. Vår rolle og plass.
Kan evangeliet skape forvandling i dag?
I vår menighet, i Groruddalen? Vår visjon her i menigheten lyder slik: Med Jesus Kristus i sentrum vil kirka spre håp, kjempe for rettferdighet og fremme respekt i den flerkulturelle og mangfoldige Groruddalen.
Korleis leve saman i mangfoldig fellesskap?
Jesus identifiserar seg sterkt med dei som er annerledes, utanfor, i fengsel, fattige, fremmede. Kor mykje annerledeshet kan vårt fellesskap tole? Kva kan me leve med?
Det som er annerledes, fremmed – kan fort føre til frykt og forakt.
Gud har lagt igjen eit spor av seg sjølv i alle mennesker. Ein hellighet som oppfordrar oss til å ta av oss på beina når me møter kvarandre. I ærbødighet. I respekt. Kvart nytt menneske, utvidar vårt bilde av Gud. Kvart møte utvidar mitt bilde av meg sjølv, fordi den andre er ein del av meg. Me kan ikkje behandle eit anna menneske som me vil utan at me merkar om me gjorde dette menneske større eller mindre.
Jesus snakkar mykje frykt og om å ikkje dømme. Han veit at det ligg oss nær å dømme både oss sjølv og andre. Me dømmer kvarandre med ord, med blikk og med kroppspråk. Med forakt og sjølvforakt. Me ser kvarandre i fastlåste bilder. Om me lar oss fange av omverdens kategoriseringar og forventningar, har me lett for å oversjå dei tusenvis av små detaljar Gud har lagt ned i oss. Alle potensiala, talenta som ligg skjult, som ikkje blir brukt, i oss, mellom oss. Guds bilde av oss er levande. Eit levande bilde, som heile tida er i bevegelse – mot kjærligheten, me dras mot magneten. Me søker tilhørighet, samanheng og bekreftelse. Alle saman. Dei unge som har søkt seg til IS, svarar det same på intervjua – det er den same drivkrafta og lengselen, men retningen blir så feil. Me tar ofte feil valg. Eg må begynne med meg sjølv og ta opp kampen der – gå til kjernen, kjærligheten som driv frykten bort. Endre min innstilling, måten eg ser på. Og måten eg overser på. Jesus oppfordrar oss nærmast om å oversjå, dekke over andres feil: Kvifor ser du flisa i din brors auge? Dei feil og manglar som ikkje fastslås, har ein tendens til å miste noko av sin realitetskarakter. Når me ser på andre med Guds lys, sakramentalt, kan det vere andre sider som dukkar opp, skjulte talent. Endring skjer når me begynner å sjå kvarandre i eit nytt lys, med eit nytt blikk.
Det betyr ikkje at me skal tie om urett, om krenkelsar og om uakseptabel oppførsel som er ødeleggande for fellesskapet. Me må også korrigere kvarandre. Men det krever ein ryddesjau i huet: Kva er mitt, kvva er til last for andre, for fellesskapet? Kva kan ein tole, leve med, kva kan ikkje aksepterast. Med Gudskjærligheten kan forvandling skje: Som erfaringa med retreat i Halden fengsel som gir så oppsiktsvekkande resultat at dei no vil gå i gang med å bygge kloster i fengselet. Dei aller tyngste fangane gjennomgår 21 dagars retreat i full stillhet, taushet. Der er daglig samtale med åndelig veileder, messe og bønn. Dei innsatte beskriv dette som eit opplegg som går så mykje meir i djubden, det går på menneskesyn, verdiar, holdningar, etikk, meining. Det er i rammer der dei opplever å ikkje bli dømt, men akseptert som mennesker, dei vågar oppgjøret og kjenner tilhørigheten til det menneskelige fellesskapet. Som i Les Miserables: Vår oppgave er å gi mennesker mulighet, til i alle fall for eit øyeblikk, føle seg som eit allminnelig menneske, som del av det menneskelige fellesskapet. Der me gjenfinn vår sanne identitet, som relasjonsvesen.