Dagens bibelord
Matteus 17,1–9
Dagens bibelord 08.02.2026
1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset. 3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han. 4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen er reist opp frå dei døde.»
Kilde: www.bibel.no