Dagens bibelord
1. Korintar 15,53–58
Dagens bibelord 16.09.2026
53 For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledd uforgjengelegdom og dette dødelege er ikledd udødelegdom, då blir det ordet oppfylt som står skrive:
Døden er slukt og sigeren vunnen.
55 Død, kvar er din brodd?
Død, kvar er din siger?
56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Arbeid raust og rikt for Herren! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.
Kilde: www.bibel.no