Me kan no glede oss over at det er lov å arrgangere gudsteneste igjen. Det er kjekt å kunne opne kyrkja 17. mai og me håper mange tek turen. Det vert ei kortare gudsteneste slik at det er høve å rekke andre 17. mai arrangement.
Ein føresetnad for å arrangere gudsteneste er at det er maks 50 personar til stades og at det er høve til å halde ein meter avstand i kyrkja.
For å ivareta krava er annakvar benkerad i kyrkja merka med at den er teke ut av bruk. Personar i same husstand kan sitte tettare enn ein meter, elles må folk plassere seg slik at dei held avstand.
De vil bli ynskt velkommen av ein kyrkjevert som har ansvar for å notere kven som kjem og passe på at det ikkje vert meir enn 50 stk. Namnelista er til for å kunne bistå seinare ved eventuell smittesporing, lista vil bli makulert etter 10 dagar.
Det er sett fram handsprit og program/salmebøker vert delt ut slik at ein unngår at mange tek i same inventer.
Me har ekstra gode rutinar for reinhald før kvart arrangement.
Gudstenesta vert denne dagen filma slik at dei som ikkje har høve til å delta kan i etterkant sjå den på nettsida vår.