Teater: "Organisten" i Os kyrkje

Torsdag 24. september kan du oppleve eit nyskrive teaterstykkje om eit eldgamalt mysterium i Os kyrkje. Teaterframsyninga blir del av konsertkvelden med jazzgruppa Baker Hansen i Tunet.

Publisert:

Skodespelar Lina T. Fjørtoft har òg skrive stykkjet i lag med regissør Ingrid Askvik.
Skodespelar Lina T. Fjørtoft har òg skrive stykkjet i lag med regissør Ingrid Askvik.

Bli med på oppdaginga av eit over hundre år gamalt mysterium i Os Kyrkje!

I gjennomgangen av dødsbuet til Lillian si bestemor dukkar det opp ei mystisk hatteeske med gamle skattar, orgelnotar og dagboknotater. Det er fleire spor og koder som leier i retning kyrkja, men kvifor? Kva er samanhengen mellom Os kyrkje og Lillians familie? Held kyrkja framleis på nokre hemmelegheiter, som kan gje Lillian svar? Og kva er det eigentleg med denne organisten som stadig dukkar opp? 

I framsyninga vert publikum invitert med inn i Lillians familiemysterium, og må saman med Lillian prøve å tolke koder og kyrkjehistorie, i søken etter å forstå eit drama som har vore hemmeleg i over 100 år.

Teaterstykkjet passar frå 10 år, og framførast òg for skuleelevar frå Os barneskule tidlegare samme dag. Denne kvelden blir teateret ein del av programmet på Osøyro, i lag med konsert med jazzkvintetten Baker Hansen i Storsalen i Tunet. Etter eit kort sett med musikk vert publikum leidd over til kyrkja for denne spennande framsyninga, som skal vidare på ein lengre turné til fleire ulike 1800-talskyrkjer på Vestlandet, og er laga som del av Bergen kirkeautunnale 2026.

Regi: Ingrid Askvik
Manus: Lina Taule Fjørtoft og Ingrid Askvik
Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Kostyme/rekvisitt: Tora Troe

Produsert av Kyrkjekultur Vest med stønad frå Kyrkjebevaringsfondet og Vestland Fylkeskommune.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"