Nokon ungdom opplever å mista ein dei er glade i. Det kan vera ein nær venn som betyr alt i den alderen. Eller ein i familien. Det er også andre typar tap og sorg som kan gi mange av dei same sorgreaksjonane som når me mistar nokon ved død. Det finst ulike former for livssorg. Det kan vera samlivsbrot i familien, eigen sjukdom eller at ein i familien er sjuk. Det å leva med at ein i næraste familie er alvorleg sjuk og kanskje kjem til å døy. Ventesorg. Det er mykje å forhalda seg til for ein ungdom som er full av hormon og har mykje dei skal bruka kreftene sine på. Det kan ikkje vera lett å prestera på skulen og ha overskot til venner og trening når frykta for å mista ein av sine kjære presser på. Eller når ein har mista nokon ein er glad i.
Kva kan vi gjera for ungdom som er i sorg? Eg trur det er viktig å hugsa at ungdom er veldig ulike. Dei har ulike reaksjonar og behov. Men å bli møtt der ein er, det er alltid godt. Å bli møtt med omsorg, forståing og aksept kan bety mykje. Nokon seier at dei opplever omsorg ved å få ein god klem, og ønskjer å bli spurde om korleis dei har det. Andre ønskjer ikkje det. Mange fortel at dei blir veldig slitne og synest det er vanskeleg å konsentrera seg på skulen når dei er i sorg. Det kan vera godt å ha rom for å trekkja seg litt tilbake viss dagen tung. Ungdommar ønskjer ikkje å skilja seg ut, så dei vil gjerne ha det som normalt på skulen. Samtidig har dei kanskje behov for noko tilrettelegging i periodar.

Sorgbearbeiding tek tid. For somme er det godt å ha ein trygg vaksen å snakka med. For andre tek det lang tid før dei klarer å snakka om det som er sårt. Det å setja ord på tankar og kjensler kan vera vanskeleg. Etter kvart kan ein kanskje saman finne eit språk for tankar og kjensler, for det som skjer i sorga. Kanskje du som forelder opplever at du ikkje strekk til eller klarer å nå inn til ditt eige tenåringsbarn? Eller at du sjølv er så ramma av sorg at det er vanskeleg å vera til støtte for barna dine? Då kan det vera godt å be nokon om støtte og råd.

Møteplassen - ung i sorg
“Møteplassen - ung i sorg” er eit tilbod om sorgoppfølging av ungdom som Den norske kyrkja og kommunen i Øygarden har saman. Vi tilbyr både sorggruppe og enkeltsamtalar med diakon eller helsesjukepleiar.
