Nokre av oss gjekk ein litt lengre tur for å kome fram mens andre gjekk den korte turen og fekk i oppdrag å få fyr på grillen.
På slike turar etabler ein kontakt med kvarandre på ein annan måte og samtalane får andre tema. Både om livet generelt og ikkje minst om botaniske grunnar som kvifor det veks lite kvitveis og blåveis på Sotra, kva for jord treng furua for å trivast og ulike fuglesongar. Rundt bålet vart historiar delt med kvarandre og stemninga var god. Vi kjende det var godt å komme seg ut i våren!
Takk for ein fin tur!
Vi planlegg ein ny tur til hausten.
