Friluftsgudsteneste ved Fredens bolig

Søndag 6. september samla mange menneske seg ved den gamle gravstaden i Telavåg. Her vart det både friluftsgudsteneste, song og historier frå staden, som var den sjette av tolv kulturminneturar i regi av Sund Sogelag.

Publisert:

Friluftsgudsteneste ved Fredens bolig

Mange menneske hadde funne vegen til den gamle gravstaden, som blir kalla Fredens bolig. Den rommar 346 personar som vart gravlagde der mellom 1852 og 1919. I tillegg vart éin person gravlagd der så seint som i 1948, etter eige ønskje. Alle namna står på ei lang plate som er festa til bergveggen. I 1919 stod den nye gravplassen på Selstø klar til bruk.

Det var ikkje berre friluftsgudstenesta som samla folk på Fredens bolig denne dagen. Samlinga var òg ein del av Sund Sogelag sitt arbeid med ein serie på til saman tolv kulturminneturar som skal bli til bok. Turen til Fredens bolig var den sjette i rekkja. Stunda vart leia av Laila Klemetsaune, som har med seg Hallgeir Dale og Anne-Grethe Sangolt Haganes i bokprosjektet.

Mennesker på den gamle gravplassen, noen står og ser på navneskiltene som henger på fjellveggen

Det går ein sti fram til gravstaden, og mange nytta høvet til å gå dit. Nokre kom òg med robåt, mellom andre sokneprest Lars Arne Vik. Han heldt ei kort friluftsgudsteneste på rundt 15 minutt. Tida vart brukt til bøn for kongefamilien og eitt minutt stillheit for kong Harald V. Deretter las soknepresten teksten for søndagen og knytte nokre ord til han, før gudstenesta vart avslutta med velsigninga.

Arthur Selstø fortalde om dugnadsarbeidet som vart gjort for nokre år sidan for å setje gravstaden i stand. Nokre store tre måtte fellast, og steingarden langs eine sida måtte reparerast. Ordførar Tom Georg Indrevik var òg til stades og kom med ei helsing.

Vivian Steinsland var òg med og song to folkeviser, som sette eit fint musikalsk punktum for samlinga.

Menneker går på gresset mot sjøen og porten ut av gravplassen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"