På laurdagen hadde Stjernekoret fått besøk av Bjarte Leithaug. Først var det ein øvingsdag med song, leik og god mat, før koret inviterte til konsert. Det blei ein flott konsert, med korsong, solistar og statistar.




På søndagen var det sommarfestgudsteneste, der speidarane frå Tofterøy KFUK-KFUM deltok. På kyrkjekaffien var det både hotdog og kake, og masse kjekke aktivitetar inne og ute for både unge og gamle.





