Semesterstart og Klar, ferdig, gå!-gudsteneste i Langevåg kyrkje

Med mange aktivitetar og kyrkjekaffi ute på kyrkjebakken vart semesterstart markert i Sula kyrkjelyd.

Publisert:

Foto: Jan Erik Hovland
Foto: Jan Erik Hovland

Med godt vêr og god stemning fekk Langevåg kyrkje ein skikkeleg kickstart på haustsemesteret då små og store samla seg til «Klar, ferdig, gå!» på søndag. Dagen byrja med familiegudstjeneste i kyrkja. Det vart ei fin og innhaldsrik samling med om lag 200 til stades. Blessing og BigBless bidrog med flott song! Mot slutten av gudstjenesta fekk femåringane  og 2.klassingane ei fin bok i gåve frå kyrkja. Dette som ei helsing og påminning om at dei er ein viktig del av kyrkjefellesskapet vårt.  

Etter gudstjesta var det tid for noko godt å bite i ute på kyrkjebakken. På menyen stod både pølser, kaker, kaffe og slush.  Medan praten gjekk mellom dei vaksne ved kaffebordet, heldt borna seg i aktivitet med mellom anna jungeldyr, hoppeslott, bowling, styltre og quiz.  Ekstra kjekt var det at speidarane på Fiskarstranda hadde tatt turen for å vise fram litt av kva det vil seie å vere speidar.  

Vi takkar alle som tok turen til kyrkja denne dagen. Vi vil også rette ei ekstra takk til dei flotte frivillige som bidrog til ein flott semsterstart for hausten. Så håper vi at vi sjåast snart igjen på eit av arrangementa våre i kyrkjene her på Sula.  

Med helsing frå oss i staben i Sula kyrkjelyd.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"