Musikalsk messe

Ein gong i kvartalet er det Musikalsk messe i Langevåg kyrkje. Det er ei gudsteneste med mykje musikk, både allsang og innslag. Her er haustens musikalske messer.

Publisert:

Foto: oksfoto.no
Foto: oksfoto.no

Ein gong i kvartalet er det Musikalsk messe i Langevåg kyrkje.
Det er ei gudsteneste med mykje musikk, både allsang og innslag.

Dei musikalske messene er det kantor Håvard Sveås som har ansvar for.

Kvar gong er det ein ny artist, eit band eller ein salmediktar i fokus. Vi har oppdagingsferd i deira musikalske landskap, og songane deira dannar ein raud tråd gjennom gudstenesta.

Tidligare har vi hatt musikalske messar med følgjande tema:

  • Sigvart Dagsland
  • Alf Prøysen
  • Larry Norman
  • Svein Ellingsen
  • Stevie Wonder

HAUSTENS MUSIKALSKE MESSER:

Søndag 27. september kl. 18.00 i Langevåg kyrkje
Tema: Lina Sandell og svenske perler. Gjest: Svein Blomvik, trekkspel
med kantor Håvard Sveås og sokneprest Anders Barstad

Søndag 08. november kl. 18.00 i Langevåg kyrkje
Vi får innslag av den fantastiske musikken til Koinonia og nokre av den kjende amerikanske
soulartisten Bryan Duncan sine låtar!

Dette gjer du lurt i å få med deg om du er glad i jazzrock/soul og bandmusikarar på høgt nivå! Det blir garantert bra med Bernt Roar Baade på trommer, Geir Kristian Breivik på bass, Nicklas Myhre på gitar og Håvard Sveås på tangentar/vokal.

Gratis inngang, kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid som til dømes slike storhendingar som denne messa kjem til å bli!

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"