I år som i fjor blir det gudsteneste i Kaffivika ved Vassetvatnet på Kristi Himmelfartsdag. Når noko har skjedd to gongar, er det ein tradisjon! Gudstenesta byrjar kl. 12.00. Det er plass til ein del folk inne i gapahuken, så vi satsar på gudsteneste under dei fleste vêrforhold. Ta med ein campingstol, og gjerne ein termos med kyrkjekaffi.
Varmt velkomen!
