KRAFT - prosjekt Ung

KRAFT er eit felleskap for ungdom og unge vaksne i Førde kyrkje. I KRAFT fremjer vi mot, håp og fellesskap. "For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom." (2.Tim, 1, 7-8). Prosjektet er ei felles satsing og er støtta av Førde KFUK/KFUM, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, Førde Sokneråd og Tilleggsgåvefondet.

Publisert:

KRAFT - prosjekt Ung

Påfyll 
Vi arrangerer påfyllsgudstenester i Førde Kyrkje på kveldstid for alle aldrar. Vi har også mindre formelle påfyllskveldar for ungdom og unge vaksne med åndeleg påfyll og sosialt fellesskap på Førde Kyrkjetun. Det er også mogleg å bli med i småfellesskap/bibelgruppe som møtast gjennom året. Etter haustferien blir det ein periode med bibelundervisning for alle aldrar. 

Middagsfellesskap
Nokre onsdagar i haust vert det gratis middag for studentar og elevar i alderen omkring 18-35 år. Unge som ikkje er studentar er velkomen til å bli med på middagen for 30 kr. Det vert også arrangert ein «Hausttakketapas» for unge vaksne i november 2026. 

Gospelkor
Gospelkor for unge med øvre aldersgrense 40 år. Vi møtast på mandagar kl 19.00. 

Leiartrening
Vi er kobla på det nasjonale nettverket Followme. Som ungdomsleiar får du øve deg på leiarskap gjennom ulike oppgåver i konfirmantaråret og i juni drar vi saman til Followmekonferansen. Link: Konferanse • NMSU.  Alder 15 - 25 år. 

Samtaleteneste
Her får du gratis samtale og/eller forbønn etter avtale. Det kan handle om små og store ting i livet ditt, eller om tru og tvil. Sjå kontaktinfo lenger nede på sida. 

Vi vil høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt om du har ein idè eller eit ønskje for ungdomsarbeidet i kyrkja. Kanskje er det ei av gruppe i Kraft du har lyst å bli med i? 

 
Kontakt  
Johanne Thingnes Leira er prosjektleiar for Kraft. Du kan kontakte Johanne dersom du ønsker samtale, bønn, eller om du vil melde deg på eit av tilboda i Kraft. 
Mail: JL365@kyrkja.no
Tlf: 45 88 65 47
 
Instagram: kraft.ung
Snap: kirkesnappen 
 
Frivilleg 
Kan du tenke deg å bli med som frivilleg i Kraft? Send ein mail til JL365@kyrkja.no. 

Givarteneste
Vi er takksam for alle bidrag inn i arbeidet. Dersom du ønskjer å bli fast gjevar og evt. få frådrag på skatten, kan du klikke her.

Du kan også gje ein eingangssum på Vipps til #93395 Førde kyrkje/sokn-offer&gåve, med kategori KRAFT, eller til bankkonto 3705 66 12549  med "KRAFT" i meldingsfeltet.

Prosjektet er støtta av Tilleggsgåvefondet.  

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"