Myldrekyrkje på Sande
Myldrekyrkje med myldregudsteneste er eit tilbod som har vore prøvd ut i nokre gudstenester i Sande. Erfaringane har mest vore gode. Ei myldregudsteneste er for heile storfamilien og alt som skjer skal vere for alle – på tvers av generasjonar. Filosofien er at om barna har det kjekt har også dei andre det kjekt. Og slik har det fungert. I haust vart myldregudsteneste også prøvd ut i ei gudsteneste i Viksdalen og ei i Bygstad. Det vart kjekt!
Les mer









