4-årsamling laurdag 5. oktober

Til deg som fyller fire år i 2024! Helga 5. til 6. oktober er du og familien din spesielt invitere til kyrkja i Ulvik! Laurdag 5. oktober møtest me i kyrkja klokka 12:00-13:30. Der skal me høyre om Jesus, synge og leike. Me skal ikkje røpe så mykje meir av det som skal skje, men me skal i alle fall lage masse bylgjer! Dessutan har me lyst til å gje deg ei gåve. Den deler me ut under gudstenesta dagen etter, sundag 6. oktober klokka 11.00 i kyrkja, så det er flott om du kjem då også. Kom gjerne nokre minutt før me byrjar, så skal eg sitje i gangen og vente på deg.

4-årsamling laurdag 5. oktober

Til foreldra: Det er ikkje krav om påmelding, men det er fint om de likevel sender ei melding til Jorunn om de tenkjer å koma. Gje beskjed dersom de ikkje ynskjer at bilete av barnet skal brukast til presseomtale, leggjast ut på internett eller liknande. Fint også om me får beskjed dersom barnet ditt har allergiar me bør vite om. Om du veit om andre fireåringar som ikkje har fått invitasjon, er det fint om de inviterer desse med. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"