Til foreldra: Det er ikkje krav om påmelding, men det er fint om de likevel sender ei melding til Jorunn om de tenkjer å koma. Gje beskjed dersom de ikkje ynskjer at bilete av barnet skal brukast til presseomtale, leggjast ut på internett eller liknande. Fint også om me får beskjed dersom barnet ditt har allergiar me bør vite om. Om du veit om andre to- eller treåringar som ikkje har fått invitasjon, er det fint om de inviterer desse med.
Krølletreff laurdag 17. okt.
Til deg som fyller to og 3 år i 2026! Laurdag 17. oktober klokka 10.00-11:30 inviterer me to- og treåringane til ei samling i Ulvik kyrkje. Der skal me synga, leika og gå på sauesanking. Det vesle lammet Krølle har nemleg rota seg bort, og no treng me hjelp til å finna henne att. Håper du har lyst til å vera med og leite!
