No går me inn i Adventstida. Dette gjer me med strenge Korona-tiltak. Dette betyr at det vil bli ei annleis adventstid. Me ynskjer likevel å opne opp for noko meir aktivitet i kyrkjene i Vaksdal. Dette vert sjølvsagt gjort etter dei reglane som til ei kvar tid er gjeldande.
Open kyrkje på Dale søndag 29. november kl. 18 - 20
Søndag vil me tenna lysteppe på¨Dale kyrkje klokka 18.00. I forbindelse med dette ynskjer me å invitera inn i ei open kyrkje.
Etter tenning av lysteppet vert det ei kort gudsteneste med tenninga av eitt lys i adventskransen.
Det vert mogleg å tenna eit lys i lysgloben.
Organist Ruben Gjertsen spelar musikk kvar halvtime.
Velkommen til ro og etterganke i Dale kyrkje.
For alle arangement gjeld fylgjande reglar
Det er krevjande at me enno har relativt strenge restriksjonar på tal på personar som kan møta opp i kyrkjene våre. I fyrste omgang har me vald å løyse dette ved at det er dei fyrste frammøte som kan vere med. Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:
- Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
- Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
- Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
- Unngå å ta på flater.
- Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
- Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
- Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.
Gravferd:
Ved gravferd gjeld fylgjande tal Vaksdal kyrkje: 50 personar, Dale kyrkje 50 personar, Stamnes kyrkje 33 personar. Eidsland, Eksingedalen, Nesheim og Bergsdalen 20 personar. Dette er makstal og det er ikkje lenger anledning til å plassere folk i "kohortar" I praksis betyr dette at det berre er dei næraste som kan delta i seremonien. Det er mogleg å ha gravferd i Dale kyrkje, for so å ha sjølve gravlegginga på ein annan gravplass i kommunen. Spørsmål om dette kan stillast direkte til kyrkjeverja på telefon 976 97 562 eller de kan ta det gjennom byrået.
Dåp:
Me vil tilby dåp, men med same begrensning på personar som kan delta. Dette betyr at det i mange tilfelle vil bli tilbudt eiga dåps -gudstjenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer dåp.
Konfirmasjon:
Me lyt rekna med redusert aktivitet framover. Konfirmantar og foreldre vil få nærare informasjon.
Vigsle:
Ta kontakt med kyrkjekontoret
Treng du hjelp til noko?
Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret. Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar.
Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562