I vinter hadde Dale kyrkje ei undersøking der folk vart spurt om kva dei kunne ynskje av tiltak i regi av kyrkja. Då kom ynskje om eit kafé-tilbod høgast opp.
Difor lagar kyrkja no til ein kafé med overskrifta »Ladestasjon».
Der får ein mellom anna høyre Marianne Magnussen snakke om «Gode grunnar til å ikkje samanlikne seg med andre" samt vere med på ein uhøgtidleg quiz.
Som på andre kaféar kan ein kome og gå som ein vil, men nett denne er open frå kl. 17.30 og i tre timar komande tysdag, i Forsamlingshuset på Dale.