Denne veka kan me ynskje Jørn Øyrehagen Sunde velkomen attende Under Galleriet i Dale kyrkje. Temaet er Kristenretten på Moster 1024, og han spør:
Kvifor skal ein feira 1000-årsjubileum i 2024?
Vonleg vil han og gje nokre svar på dette spørsmålet!
Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar, og bur på Vaksdal. Denne veka er han på oppdrag i Belgia, og difor er denne Under Galleriet-samlinga på fredag i staden for på torsdag.
Det vert høve til å stille spørsmål.
Enkel servering.
Ver velkomen!