Det er straks mogleg å melde seg på konfirmant 2026-27 på nett.
For å kvalitetssikre litt opnar vi ikkje for påmelding før 1.juni 2026.
- Bruk linken under "minpamelding.agrando.no"
- Denne påmeldingsmodulen er ny av året so send gjerne ein mail i tillegg når det er gjort til Yngve YL953@kyrkja.no
- Når påmeldingane er registrerte, samlar vi gruppa i SPOND, dette er kun for ikkje sensitive raske beskjedar.
- Om der er sensitive opplysningar vi treng for å tryggje konf.tida er det ynskjeleg at vi får direkte besked, gjerne eit møte der vi kartlegg kva vi må ta omsyn til. Ta kontakt direkte med kyrkjekontoret for dette.
- Vi har sett prisen for konf året inkludert opplegg og materiell til 2000kr. Dette er ein fastsett pris som delvis dekkjer materiell og aktivitetar, uavhenging om ein er med på alt eller ikkje. Om det derimot er grunnar til at dette vert vanskeleg, so kan de ta kontakt og so finn vi ei ordning med til dømes utsett eller oppdelt betaling.
