Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg klokkar til Lomen, Røn og Øyar kyrkjer. Stillinga omfattar 5 % i Lomen kyrkje og 7 % i Røn og Øyar kyrkje/kapell, til saman 12 %. Det er mogleg å dele opp stillinga dersom det er aktuelt.
Som klokkar er du ein viktig del av kyrkja sitt gudstenesteliv. Du bidreg til at gudstenester blir gjennomførte på ein god, trygg og verdig måte. Vi ser etter ein person som trivst med å møte menneske, tek ansvar og ønskjer å vere med på å skape gode opplevingar i kyrkjerommet.
Arbeidsoppgåver
Klokkaren assisterer ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i samsvar med Den norske kyrkja si gudstenesteordning.
Oppgåvene omfattar mellom anna:
• medverknad som medliturg når ikkje anna er avtalt
• informasjon om gudstenesta
• lesing av tekstar og bøner
• medhjelpar ved nattverdutdeling
• kunngjeringar
• førebuing av kyrkjerommet før gudstenester og kyrkjelege handlingar
• setje opp salmenummer
• orientere kyrkjevertar
• sjå til, saman med kyrkjetenar, at lydanlegg og mikrofonar fungerer
• ta imot dåpsfølgje
• organisere og samle inn takkoffer
• rapportering til kyrkjekontoret
Klokkaren møter normalt éin time før gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
• Har interesse for kyrkja sitt arbeid og gudstenesteliv
• Er positiv, ansvarsmedviten og påliteleg
• Har evne til å arbeide sjølvstendig
• Samarbeider godt med tilsette og frivillige
• Møter menneske med respekt, varme og omsorg
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• Eit meiningsfullt arbeid i lokalsamfunnet
• Varierte arbeidsoppgåver og møte med menneske i ulike livssituasjonar
• Samarbeid med engasjerte tilsette og frivillige
• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Klokkaren har teieplikt etter forvaltningslova § 13.
Næraste overordna er kyrkjeverja. Ved gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar er forrettande prest arbeidsleiar.
Søknadsfrist: 4.10.26
For spørsmål om stillinga, kontakt kyrkjeverje Silje Synnøve Strand på telefon: 48122137 eller e-post: post.vestreslidre@kyrkja.no
Søknad med CV sendast til: post.vestreslidre@kyrkja.no
