Ungdommar frå heile landet er denne helga samla til Ungdommens kyrkjemøte, det øvste demokratiske organet i ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkja. I opningstalen løfta leiar i Den norske kyrkja sitt ungdomsutval, Elise Skjærven Aas, fram håp, fellesskap og verdien av å bruke tida på noko som betyr noko.
Ho peika på at mange unge møter eit nyheitsbilete prega av uro og konflikt, men oppmoda samstundes deltakarane til å halde fast ved håpet.
Som døme viste ho til korleis Etiopia dei siste åra har satsa på restaurering av natur gjennom omfattande treplanting.
– Det finst eit håp, sa ho.
Aas utfordra også delegatane til å reflektere over korleis dei bruker tida si.
– Tida vi har, er personleg, og vi styrer ho faktisk sjølve, sa ungdomsleiaren.
Ho takka deltakarane for å bruke ei heil helg på kyrkjedemokrati og understreka at dei representerer ei viktig stemme i kyrkja.
– Her får vi høve til å uttale oss på vegner av alle unge under 30 år i Den norske kyrkja. Det du meiner, betyr noko, sa Skjærven Aas.
Skal drøfte fleire saker
I løpet av helga skal delegatane handsame fleire saker om kyrkja si framtid og unge si deltaking i kyrkja. Mellom sakene på agendaen er korleis kyrkja kan vere eit kristent fellesskap for alle, nye rammeplanar for kyrkjeleg undervisning og læring, og tiltak for å styrkje samisk ungdom si deltaking i kyrkjedemokratiet.
Delegatane skal også behandle ei resolusjon om korleis krig og konflikt påverkar barn og unge, og diskutere samansetjinga av Den norske kyrkja sitt ungdomsutval. I tillegg skal dei velje fokussak for Ungdommens kyrkjemøte 2027.
Ungdommens kyrkjemøte blir arrangert 2.–5. oktober på Sundvolden hotell og samlar ungdomsdelegatar frå alle bispedøma, barne- og ungdomsorganisasjonane og Trus- og livssynskorpset i Forsvaret.
